top of page

Tørrhøy
- "På hengande håret"

Av Kjell Arve Nygård

Eg er oppvaksen på gard, og har så lenge eg kan huske hatt interesse for traktor. Den tida på garden eg gleda meg mest til, var perioden med hesjing. Då viste eg at når far skulle setje opp hesja med spett og staur, så trengde han ein sjåfør.

 

 

Eit «treskverk» av ei slåmaskina

I god tid i forvegen tok far til å forberede slåtten. Skulle graset slåast, så måtte kniven i slåmaskina være kvass. Det same med ljåane. I denne perioden huska eg at slipesteinen gjekk jamt og trutt, der han var under låvetrappa. Når slipesteinen stoppa, så tenkte eg: Endeleg vart det stille. Men så høyrde eg lyden av bryne som «flaug» over ljåane.

Deretter var det å «kople» til slåmaskina, som var av den typen som var midt-montert på traktoren. Eg meiner å huske at den blei kopla saman bak på traktoren med reimoverføring på  svinghjul. Det var eit gamalt «treskverk» av ei slåmaskin, og slik høyrdest ho og ut, når ho slo. Ein gong i ny og ne så opplevde eg at traktoren stod stille på halvslått jorde. Det kunne være to grunner til dette, der den eine var at far hadde gått av traktoren for å rive opp ei Høymol, som var ugras han ikkje ønskte skulle spreie seg. Den andre, var at kniven i slåmaskina hadde svikta. Men det gjekk aldri lang tid før skaden var reparert og slåmaskina igjen la graset ned i ei rasande fart. Det vart ikkje slått meir gras, enn kva vi klarte å hesje den same eller påfølgjande dag, for då kunne ein risikere at graset blei liggande å rotne på marka.            

 

 

Oppset av hesjer

Ein aktivitet eg synest var spennande, var å leite etter gamle staurhol. Når vi først fann eit, så var det ikkje så vanskeleg å finne fram til dei andre. På denne måten sparte vi far for unødig bruk av krefter.

I arbeidet med å setje opp hesja, tok far staurane frå silosvansen, medan eg fekk lov å køyre. Når eg køyrde rett fram, i første gir, så held vi følgje med kvarandre. Deretter var det eit nytt lass med «skurer». Desse var for å stabilisere hesja, og dei blei plassert ved annakvar staur. Desse blei «inkludert» med hesja i siste og øvste streng. På kvar ende av hesa så vart eit par «bardunar» som hadde funksjon som teltpluggar, slått ned med sleggje, for å halde hesja stram og fin, saman med kraftige endestaurar av einer.

Til å trille ut strengen, så hadde oss ei trevogn med trehjul, og på den sat eit «hespe» med streng. Eg gjekk med vogna langs med staurane og far kom etter og la løkka rundt kvar staur. No var det snart klart for å hesje, ein måtte berre køyre til gras. Eit arbeid gjort med traktor og silosvans. Små lass med gras, blei lagt langs heile lengda på hesja. På denne måten fekk eg mine første køyretimar på traktor, i ein alder av sju år.

For ei tid sidan viste eg far eit bilete av ei hes, som ein mann hadde lagt ut på eit sosialt medium. Mannen sjølv meinte at dette kunne han vere stolt av. Men far meinte at dette måtte vere eit «rekkverk» for erteskolmar, noko eg ikkje kunne argumentere imot, slik det såg ut. Det viser at vi har ulike tilnærmingar til gamalt tradisjonshandverk og ikkje alle har følgt med i timen. Men som far sa: «Detta hang ikkje på greip».      

 

 

Hesjene

Dette var ein aktivitet heile familien var med på, for no var det om å gjere og få graset opp i hesja så fort som mogeleg. Ein viste ikkje ordet av det før det kunne kome ein eling. Då var graset utsett der det låg på marka. Dessutan var det ikkje så triveleg å hesje medan graset var vått. Kvar og ein hadde ulike måtar hesje på, der nokre valde å hesje med høygaffel. Bestefar var flink til dette. Men for andre var det å bruke armane: Riste graset først for å gjere det luftigare og for å få det lagt i same retning over hesja. Deretter var det å fordele det nokolunde jamt over strengen. Det gjekk radig framover, og før ein viste ordet av det, var første strengen fylt med gras. Då var det igjen å ta trevogna med strenghespa og gå motsett veg enn den fyrste. Eg hugsar at vi hadde fem eller seks høgder med streng i hesja. Eit «golv» var det kalla, når alle strengane mellom to staurar var fylte med gras. Når hesja stod ferdig så var det å setje på «kløfteskurer» som ekstra støtte og sikring på utsette plasser på hesja. Perioden med hesjene kunne vare i to veker. Totalt hadde vi sirka tolv lange hesjer på garden i disse åra.

No var det berre å smøre seg med tolmod og vente på god «høyterre», som var opphaldsvêr, god temperatur og lett vind.      

 

Leik og moro

I slotten var hesjene ein arena for mykje leik og moro. No vart det leikar som politi og røvar, gøyme og leite, boksen går og stafettar langs hesjene, som gav nye gøymeplassar på garden. I høystålet var det hopping, saltoar og graving av gangar og hòler, men det var ikkje for dei som var plaga av høysnue eller paraplyar med frø frå løvetanna. 

 

Traktoren igjennom hesja

Ein dag var eg saman med eit sysken barn. Bror min køyrde traktoren, og vi to, sto bak på silosvansen. Traktoren blei parkert med svansen oppe og fronten nedover, medan vi to stod og hoppa og gynga bakpå. Det skjedde fort: Traktorhjula byrja å røyve på seg. Vi hoia og ropa til bror min, som var eit stykke bort på marka for å plukke opp noko. Vi  hoppa av silosvansen, og bror min gjorde forgjeves eit forsøk på å komme seg i traktorsete. Heldigvis utan å kome under hjula. Vi blei ståande alle tre og sjå traktoren på eige hand fare igjennom hesjene og videre nedover mot eit kratt og ei steinur. Men før dette, vart hellinga brattare og farta større. Eg hugsar kor det kneip i magen, då lyden av jarn møtte stein.

Det skulle vise seg at skaden på traktoren ikkje vart så ille som frykta. Den let seg reparere. Men det vart ein liten periode bort frå traktoren, for å lege magen. Og litt for å opparbeide godvilje for neste traktortur. 

Det var fleire ulykker med traktor på gardane rundt i denne perioden. Mange av dei hadde nok årsak si i at traktorane vart køyrd av uerfarne sjåførar. Ein høyrde om traktorar som velta, traktorar som rulla utan sjåfør og traktorar som for igjennom låvegolv på veg ned i fjøset. Det kunne fort bli ein kostbar lærepenge.

 

Tørrhøy

Så var dagen komen der. Hesja var tørr og fin. Eg hugsar at det var mykje lettare å få oss i arbeid når høyet skulle ut av hesja, enn når graset skulle hesjast. Tidleg i barneåra sat vi på høylasset. Då trakka vi, medan far lessa på. Eg hugsar at når far rygga lasset inn i låven, måtte vi dukke, slik at vi ikkje fekk takrenna i bakhovudet. Dei første lassa vart ryggja rett i høystålet. Så måtte vi ta i bruk vinsja. Det var litt meir spennande. Då plasserte vi lasset på ei taulykkje på låvegolvet, og batt det saman. Så trekte vi vaieren ned frå talja og krøkte lasset fast. Eg hugsar at dei største lassa kunne vere så tunge at vinsja slura, trebjelkane knaka, og skruane som heldt vinsja fast i låvegolvet røyvde på seg. Men det gjekk bra, og stålet blei fylt over bjelkane, nesten opp til «gluggane» eller luftelukene.     

 

Hoa

Som mange andre brukte vi å legge hoa eller etterveksten i silo. Då var det på nytt å slipe knivane og ljåane. Graset var sjeldan så langt som hovudslåtten. Denne perioden varte som regel ei veke. Men då kom også kantslåtten i tillegg. Sistnemnte er ikkje så vanleg i dag. Det lønar seg ikkje og slå skikkeleg innimellom trea eller langs gjerda. Traktoren er for stor, eller bonden for lat.

I ein periode brukte vi ein «Siloknusar» - ei type vifte som hakka og bles graset igjennom eit rør til toppen av siloen. Eg hugsar den karakteristiske lyden frå denne vifta, og i slåttonna kunne ein også høyre «ulinga» frå andre vifter rundt om i bygda.

Innimellom lassa med gras var det å jamne, trakke og overrisle med maursyre. Dette var for å senke PH-verdien og hindre at uønska mikroorganismar skulle øydelegge kvaliteten på foret. Det er mange drengar som har tent seg gode pengar på å jamne silo på bygdene i ungdomsåra sine. Når hoa var slått og siloane fulle, vart dei dekte med  plast og stein lagt oppå. Dette skulle hindre lufttilgang, slik at graset ikkje rotna, og samtidig presse foret saman, slik at det blei meir kompakt. Ofte kunne vi sjå at graset i siloane hadde sokke fleire meter etter berre korte periodar med last oppå.

 

Det song i talja

Eg hugsar ein episode der vi skulle leggje stein på toppen av siloane. Til dette brukte vi den beste trestigen vi hadde. Den vart lagt på skrå og enda oppe på «beten» ved toppen av siloane. På stigen plasserte vi ei ramme med kasse på, - liksom «tog og skinner» - der vi la steinen oppi. Vinsja trekte kassa og lasset oppetter stigen. Men denne dagen var ikkje «vår herre» på lag. Kassa med stein var nesten komen opp til toppen av siloane, då vi høyrde kor det «song» i talja. Ramma, med kassa full av stein, kom i retur nedover stigen. Ramma med kassa vart mosa i låvegolvet og fleire steinar hoppa ut og bortetter golvet. Det var slik vi lærde korleis eit dårleg «innfeste» fungerte -eller rettare sagt, ikkje fungerte. Det var «på hengande håret».   

 

Utviklinga

Fleire bønder oppgraderte traktorane sine utover seksti og syttitalet og investerte forhaustar. Så, når vi slo med Gråtass og slåmaskin, var det mange som brukte forhaustar med tilhengar eller «Vossakasse». Vossokasso - som ho heite på lokal dialekt - vart ein konkurrent eller tillegg til tilhengaren. Lettare å manøvrere, men hadde noko mindre kapasitet for gras.

Ingen hesjar lenger for å produsere tørrhøy. Eit mindretal produserer tørrhøy, sjølv om dette er meir rikt på protein og mineral enn silo. Høyonna, som hos oss tok tre til fire veker, blir i dag slått, tørka og balga på to dagar, noko som gir ti eller elleve ballar på eit mindre areal.

©️ Av Kjell Arve Nygård

@GalleriKAN           

«Oppvaksen på gard»

 

«Oppvaksen på gard» er ein «trilogi» som skildrar utvikling, inovasjon og minner frå livet på gården som barn. Her finn du forteljingar fulle av glede, humor, spenning, alvor og refleksjon. Tema spenner vidt. 

Hesten og gråtassen. «eit møte mellom to arbeidshestar».

Tørrhøy. «på hengande håret»

Sauen «langt meir enn Fårikål på fire»

©️ Av Kjell Arve Nygård

@GalleriKAN

 

 

Kilder:

Strandasoge «Ei lita bygd i verdsklasse»

Fjordhest – Wikipedia

Ferguson TE20 – Wikipedia

www.eiksenteret.no

www.lo.no

www.nibio.no

bottom of page