top of page

Sofa eller kvilestol

Av Kjell Arve Nygård

Sofa eller kvilestol

Heime hos mine foreldre hadde vi tre stover. Ei lita stove med matbord. Ei TV-stove og ei «bestestove». Dei to første var i bruk dagleg, medan «bestestova» blei brukt ved høgtider som juleselskap eller når mor hadde klubb. Stovene hadde ulike møblar med sofa og tilhøyrande lenestolar. Seinare blei nokre av lenestolane bytta ut med kvilestolar. I sofaen sat der oftast mange eller ingen. Den var eit praktisk møbel for å løyse eit behov for fleire sitjeplassar. Sofaen den gong, var hard og hadde heller dårleg sitjekomfort. Då eg sjølv skulle etablere meg, var det derimot kvilestolane som stod i fokus. Sofaen var noko du måtte ha – ein nødvendigheit som fylte eit tomrom, gjerne eit hjørne. Kvilestolane derimot, stod plasserte framfor TV-en.

 

Behageleg

I dag vert det laga tv- program «Sofa» med utgangspunkt i personar som sit i ein sofa og ser på TV. Ser du ein ungdom som sit i ein kvilestol, så finst der truleg ingen sofa i nærleiken eller så er den opptatt. I dag har sofaen blitt den viktigaste opphaldsstaden for mange i den yngre generasjon. Der kviler du, jobbar, høyrer på musikk og ser film på brett eller TV. Du sit i ulike stillingar, dei aller fleste, meir eller mindre liggjande. Når helga kjem, et du fredags-tacoen eller laurdagspizzaen sitjande i den same sofaen som dannar sitjegruppa framfor TV-en. Den har blitt ein sosial samlingsstad, dit foreldre blir invitert, når ungdomen vil ha mat eller når foreldra vil «tvangsmingle» med dei yngre. Sofaen er alltid «fullsett» anten der er ein eller fem personar.

 

Påståeleg rotekopp

I gamle dagar, når vi reingjorde og støvsuga sofaen, så fann du myntar, nøklar, kamferdrops, klinkekuler og spelbrikker – kanskje til og med nokre korn frå risotto mellom sofaputene. I dag finn du maiskorn, restar etter tacoskjell og kjøtdeig, og dette innhaldet i støvsugarposen kan du hive i matavfallet om du vil. Men du kan og finne barneleiker, leidningar og adapter for elektroniske einingar som du med overtyding og godt samvit meinte at andre hadde rota bort.

 

Nødvendig prioritering

Når førstegongsetablerarar innreier leilegheiter, så må mange av dei gjere ei prioritering mellom kvilestol og sofa på grunn av størrelsen på bustaden, der sofaen gjerne blir prioritert. Den har gått igjennom ein enorm utvikling med tanke på sitjekomfort, der nokon har sjeselong og individuelle regulerbare seteryggar med nakkestøtte. Men det skal mykje til for å slå ein god kvilestol. Då er det litt synd at ungdomen kanskje ikkje lærar denne å kjenne, før dei er godt vaksne.

 

No livnar det i lundar

Om du ikkje har sete i kvilestolen før, så lærer du å kjenne han når du nærmar deg åtti. Då er armlena på kvilestolen gode å ha når du skal opp og stå. For då sit du kanskje der og ventar på folk frå heimetenesta som skal kontrollere om dagens dose med tablettar har kome i magen. Når det er gjort, så er det ut på badet i antiglisokkar og laustsitjande joggebukse. Der blir du sitjande så lenge at du saknar kvilestolen igjen, og snart er du tilbake i godstolen, noko lettare. No skubbar du seteryggen bakover og optimistisk tek du deg ein fortent kvil til alt for høge tonar frå NRK-Radio, «No livnar det i lundar». Så vaknar du til, ut på ettermiddagen og oppdagar at dagens gjeremål har gått deg hus forbi. Posten er ikkje henta. Du gløymer at det er sundag, «nullføre» ute og at tøflane ikkje er egna for føret, og dermed ryk lårhalsen.

Ein siste kvile

Nei, kvilestolen blir ikkje borte med det fyrste, Den vil overleve både deg og meg, medan «ungdomen» sekkjer lengre og lengre ned i sofaen. Det blir spanande å sjå om ungdommen finn vegen til kvilestolen når ungdomstida er over og livet skal levast, eller om dei vert verande i sofaen. For det er no slik, at ein god kvilestol følgjer deg trufast igjennom livets fasar, og for mange, vert kvilen i kvilestolen den siste. Kvil i fred.

 

©️ Av Kjell Arve Nygård

@GalleriKAN           

bottom of page