Sauen
- langt meir enn fårikål på fire
Av Kjell Arve Nygård

Eg er oppvaksen på gard, og har så lenge eg kan huske hatt interesse for traktor. Men eg oppdaga fort, at det å vere «bonde» omfatta mange fleire aktivitetar enn det å vere glad i å køyre traktor. Ein av dei, var sauehald. Kva det medførte og kva det tilførte garden.
Lamming
I mai såg vi resultat av at vêren hadde kosa seg i sauebingen. Då hadde sauene gått drektig i underkant av fem månader. I denne perioden lamma den eine sauen etter den andre. Far hadde kontroll, for det var han som leia vêren, og prestasjonane og resultatet blei dokumentert. Dei aller fleste fekk tvillingar, nokre fekk trillingar og dei færraste fekk berre eit lam. Det var alltid spanande å følgje med på lamminga, for ein visste ikkje resultatet på førehand. Det hende at sauer måtte ha hjelp fordi lammet låg feil veg, eller at det var andre komplikasjonar som førte til at lamma var døde ved fødsel, eller døde etter fødsel. Det hende også at sauemora ikkje ville ta lammet til seg. Det var aldri kjekt å sjå, men eg visste at det vart flaskelam, som eg fekk lov til å gje mjølkeerstatning til. Etter at lammeperioden var over, kunne vi ha eitt til tre slike flaskelam.
Men det hende også at sauer vart råka av jurbetennelse (mastitt), luftvegsinfeksjon, børbetennelse eller «fødselsdepresjon» etter lamminga. Dette kunne vere ein utfordrande kombinasjon, når lamma skulle ha mat. Det er ikkje vanskeleg å tenkje at mange bønder kvidde seg for å rekvirere ein kostbar dyrlege, og venta og såg an i det lengste, når sauer eller lam vart sjuke. Å få dyrlege på garden var ein stor utgift.
Til fjellbeite
Før suene og lamma skulle på fjellbeite, så måtte lamma merkast. Det var eit lite hakk i øyreflippen, laga med hammar og skarpt vinkeljern mot trestubbe. Det var fort gjort. Men dette var ikkje pynt. Merket som var eit bumerke, var eit hakk i øyret som viste kven som var eigar av dyra, saman med eit metallmerke som ein piercing og bjøller på sauen. På avstand kunne du kjenne igjen «bumerket» gjennom kikkert. Det var ikkje mogeleg å sjå på eit metallmerke.
Så var dagen komen. Dyra vart transportert i hengjar med høge gavlar til lokasjonen der dei vart sleppe av. Vi køyrte sauene og lamma til Liaset og ofte måtte vi køyre to til tre vender for å få med heile buskapen. Dette var første dagen lamma fekk oppleve naturen utanfor garden, og dei laga mykje lyd, når dei «ropte» på mora som berre var få meter frå dei. I denne perioden gjekk flaskelamma på utbeite heime på garden, der dei måtte følgjast opp regelmessig. Lamma lærer å ete gras ved å ape etter mødrene, difor har flaskelam ein lengre læringskurve og vil vere avhengig av tett oppfølging med mjølkeerstatning. Slik sett var dette aldri noko særleg lønsamt og det var nok mange bønder som valde å avlive desse lamma i staden for å flaske dei opp.
Saueleiting
Dette synest eg var spanande, for no fekk ein kombinere tur i fjell, skog og mark med leiting etter sauer. Av erfaring så visste eg nokolunde kvar sauene brukte å opphalde seg. Då var det å finne seg ein forhøgning i landskapet for å sjå og lytte er bjøllene som hadde den karakteristiske klangen, og «bumerket» på rett staden. Det kunne også vere tips frå andre bønder som førte til funn, eller at enkelte sauer hadde slått seg saman med andre flokkar og blitt med disse «heim». Men gjevast var det å «hente» sauene sjølv. Du kunne sjå ut som du hadde slåst med ei katte når du kom heim. Etter at du i full fart hadde fare gjennom tjukke granskogar med skarpe greiner, og komme ut av skogen, for så å oppdage at sauene hadde sprunge ut av skogen lenge før deg, og var no langt ovanfor. Men fekk du sauene først på gli, og ned på vegen, var mykje av jobben gjort. Så kunne eg føle på meistring, når far kom heim frå arbeid og såg den ivrige saueflokken som beita på marka. Han trengte ikkje seie noko.
Dette fekk meg til å tenkje på ein eldre nabobonde som hadde redusert syn og forkalking på auget. Han ville no slutte som sauebonde, for slik han hadde sprunge og mødast denne gongen, hadde han aldri opplevd før. Når sonen kom heim og såg kva som var i fjøset so forstod han samanhengen, for der stod fem sauer med lam og ein jase (hare).
Eg tenkjer at om denne bonden hadde hatt tilgang til dagens digitale løysingar med virtuelle gjerder levert frå ein applikasjon på ein mobiltelefon so hadde han ikkje trudd det han såg. Då kunne han i det minste sjå kor sauene gjekk i landsskapet og spart tid på lokaliseringa. I tillegg kunne han ha hatt reduserte kostnader på gjerdeplikt og mindre tid på vedlikehald av disse. Men dette får være eit verktøy for den komande generasjon som må effektivisere for å skape lønsemd.
Oppteljing og tap
No var hoa kome i silo, sauene og lamma var henta heim og beita på innmarka. Men heller ikkje denne gongen kom alle lamma heim. To lam mangla. Dette var ikkje noko uvanleg. Det var som oftast fire årsaker til dette: sjukdom, skade, rovdyr eller trafikk. Vart dyr påkøyrd i trafikken, fekk vi ofte beskjed om dette, men nødvendigvis ikkje frå bilføraren sjølv. I dei andre tilfella såg vi sjeldan noko meir til dei. Men det hende at ein kom over lukter i «marka» som fortalde at det var eit dødt dyr i nærleiken, eller restar etter ull og bein-kadaver. Fann ein merke på dyret, fekk bonden tilbakemelding om dette.
Klipping og sortering
Ulla på sauene og lamma utgjorde ein ekstrainntekt for mange bønder. Både dyra som skulle slaktast, og dei som skulle behaldast, skulle no klippast. Vi sorterte ulla i to kategoriar, der den dårlegaste var «skrapull» og putta ho deretter i papirsekkar for oppbevaring. Klippinga varte i nokre få dagar. Eg hugsar kor forandra dyra vart når dei vart klipt. Nesten ikkje til å kjenne igjen, der dei stod, «ribba til skinnet», og stira på ein bror eller søster uvitande om at dei var kliss like. Men snart skulle alvoret ta til, og eg visste at mine to flaskelam låg svært tynt an til å hamne i den bolken som skulle bli til mat. Men eg hadde aldri trudd at eg skulle la meg overtale til å «selje» dei to lamma til fem kroner pr. stk. Så anten var eg glad i lammekjøt, eller så forstod eg fort at det ikkje nytta å protestere. For då var det om å gjere og få mest mogeleg for dei, og ti kroner, var ikkje dårleg betaling. Sorteringa vart utført med tanke på erfaring, fornuft og lønsemd. Flaskelam, vêrlam, og andre stabeis hadde dårlege odds, medan fruktbare og gode mødrer, gimbre (årslam som ikkje hadde fått lam), fekk leve, inntil vidare. Slik var det. Hardt og brutalt.
Slakting
Eg hugsar ein gong vi slakta på garden. Det var seint på sekstitalet. Det fekk eg sjølvsagt ikkje sjå på, men eg var på kjøkenet, og hugsar at mor drog ned persienna. Det var noko skremmande over det, men også noko som skapte nysgjerrigheit. Like etterpå kom fat med blod inn på kjøkkenet. Mor rørte og tilsette mjøl, sukker, rosiner, ris og krydder. Ho laga blodpudding. Hugsar eg funderte på – korleis noko så forferdeleg kunne smake så godt. Slaktet og skrottane vart i ein liten periode hengande i den kalde og mørke steinkjellaren i gamlehuset. Problemet med det, var at der inne var også frukta og potetene lagra. Så avveginga bestod i – om gode guleplommer var verd gangen mellom hengande haudelause skrottar og stampar med sauehovud, som såg rett igjennom deg. Eg let meg freiste, men det var midt på dag og med døra vidopen.
Matrettar som kom frå sauehaldet, som mor laga på den tida var mellom anna sauekottelettar, fårikål, sosa kjøt, lammelår, pinnekjøt (fåreribbe), blodpudding, spekelår og fårerull. Noko av rettane var kunn søndags – eller og høgtidsmiddager.
Seinare leverte vi dyr til Ringstads Pølsefabrikk og deretter til Ole Ringdal på Hellesylt, for slakting. Eg hugsar godt at dei kom på garden for å hente dyra med dyretransport. Nokre av dyra blei selde, medan nokre slakt blei tekne tilbake.
Eit minne frå den tida er då eg var med far til Ole Ringdal for å hente slakta. Far og eg fekk omvising i fabrikken og enda til slutt opp i produksjonen der dei produserte grillpølser. Eg kjenne framleis lukta og smaken av fersk grillpølse i Ole Ringdal pølsepapir når eg tenkjer tilbake på den gongen.
Levering av ull
Det var ikkje så ofte det var «bytur» og derfor var det stor stas å få vera med når ulla skulle leverast til Devold-utsalget i Ålesund. Her leverte vi ulla, som vart kosta ned i ulike luker i tregolvet. Som betaling fekk vi ta ut produkt som «blåtrøyer» raggar, vottar og andre ull-produkt. Om det blei noko å betale eller pengar attende, hugsar eg ikkje. Dette viser likevel at sauen var meir enn fårikål på fire bein og fleire enn sauen vart varma av ulla.
©️ Av Kjell Arve Nygård
@GalleriKAN