Pølser, brus og skirenn på 70-talet
Av Kjell Arve Nygård
.jpg)
Eg hugsar dei første skia mine med stålkantar. Eg fekk dei i julegåve tidleg på 70-talet. Dei heitte Blue Master og hadde gult belegg. Det var dei skia eg starta skikarriera mi med. Karriere er vel kanskje misvisande, men vi kan kalla det ein periode med organisert skiglede.
Ei helg skulle det vere skirenn på Overøye i Stordal. Då som no, var det foreldre som engasjerte seg i førebuingar, som å smørje ski, eller «bygle», som vi sa. Hugsar den stramme lukta av parafin og smelta sølvvoks frå Toko, og det gamle strykejernet som vart nytta til å dra smørjinga utover. Så var det å «kvesse kantane» og putte skia i skipose. Kven som skulle køyre, var alt avtalt, så då var alt klart for avreise tidleg neste morgon.
Nokre sjåførar køyrde med livet til låns, og blei regelmessig etterlyst på vegen fram eller tilbake, ofte i ferjekøar der det var oppteljing. Det eksisterte ein form for rivalisering om å komme fyrst fram og fleire kan takke høgare makter for at dei kom heile heim. På ferja ut fjorden blei vi sitjande på akterenden og dingle med beina utanfor sperre-tauet, til irritasjon for matrosen. Andre kraup opp i bagasjerommet på bilen, under eit teppe, eller blei værande på toalettet under overfarta, for å gøyme seg for billettøren. Ein skulle tru at konkurransen starta mellom to stikker, men på mange måtar var den i gong, då du drog heimanfrå. Skiaktiviteten var utfordrande for dei som tenkte HMS, som ikkje var i fokus på den tida.
Det var alltid spennande å kome til Overøye i Stordal. Like spennande var det om du kom deg heim derifrå. Det hende at bilar måtte slepast opp av gjørma med traktor når rennet var ferdig og telen i vegen forsvann og seint i sesongen kunne vegen bli forandra til eit «gjørmehol» og traktor og lastebil var det einaste transportmiddelet som dugde.
Noko anna som var spennande i den tida, var kva type skitrekk dei ulike lokasjonane hadde. Bondalseidet i Ørsta var tidleg ute med stolheis. Overøye i Stordal var ikkje i nærleiken. Der var det tau-trekk og rund kryssfinerplate for rumpa med tau og krok. Hugsar at det var eit depositum på desse «platene» og kroner tilbake ved innlevering. Dette gav sjølvsagt idear til kreative hjernar, og det gjekk ikkje lenge før sløydtimane gjekk med til produksjon av «sitjeplater» i staden for skjerefjøl, hyller og skrin. Det er uvisst om stordalingane merka at dei fekk fleire plater og mindre pengar inn i kassa.
Starten på løypa var sjølvsagt høgare oppe enn der trekket slutta, noko som medførte at vi måtte trakke til startområdet. Dette var vanleg på den tida. Eg hugsar godt dei vaksne, som stod for start i Stordal. Dei var skjeggete, spytta skrå og lukta helg eller Aqua Velva etterbarberingsvatn. Rykte sa at løparar som kom utanbygdes frå, vart haldne tilbake i startposisjon for å gje deira eigne eit lite forsprang. Dette kunne sjølvsagt være eit rykte som var satt ut av våre egne, for å gjære oss «tende», men det fungerte og som årsak, når tida og resultatet ikkje vart som ønska. Med dette i mente kom vi oss til startområdet, ein kamerat og eg som rann i same klasse. Medan vi står der og venta blei det ropt utover høgtalaranlegget at kiosken hadde opna i målområdet og dei selde pølse med brød og brus. Vi kika på kvarandre og sette av stad til kiosken, vel vitande om at rennet snart skulle byrje.
Eg kan ikkje huske om vi fekk kjøpt det vi skulle, men eg hugsar at vi fekk spørsmål om – kva vi tenkte på, som kom ned i målområdet, no som vi snart skulle starte oppe frå toppen. Vi vart svar skuldige og kunne sjølvsagt ikkje seie at vi tenkte på pølse i brød. Vi vart bedne om å kome oss opp att til startområdet i ei forrykande fart. Andpusten kom vi oss til start og gjennomførte rennet med dei to beste tidene i klassa vår.
Eg hugsar at eg var litt stolt over denne pokalen, som eg fekk for andre plassen. For heime på guterommet plasserte eg pokalane på eit gardinbrett, og dette var ein av dei få som du kunne sjå nedanfrå golvet. Dessutan minner han om pølser og brus.
©️ Av Kjell Arve Nygård
@GalleriKAN