Motgang
Av Kjell Arve Nygård

I dag er det finvêr og finvêr betyr skitur. Pakkar sekken med litt proviant. Ein pose med nøtter, varm te og ekstra ulltøy. Sola varmar, men ikkje nok til at eg slengjer jakka. Fellene lagar lyd i møte med snøen. Eg stoppar opp for å høyrapå stilla. Nokre Ramnar kosar seg oppe i fjellsida, men elles er det berre pusten, stilla og eg. Eg held pusten for å høyra om eg og stilla lagar lyd. Då høyrer eg plutseleg ein annan lyd, svak øyresus i blanda jamne hjarteslag. Kaster av meg hanskane og opnar sekken. Finn fram solkrem faktor tretti, og tek på nase, panne og kinn. Øyreflippane får også sin del. Hentar opp termosen med den varme teen. Får ikkje opp skrutoppen, som glir i handflata saman med solkremen. Burde drukke te før eg smurde meg, tenkjer eg og gjer eit nytt forsøk, som lykkast. I det eg fjernar skrutoppen kjenner eg den varme dampen frå teen. Den varme drikken varmar kroppen og kjennest betre enn han smaker. Tek meg nokre nøtter frå ein pose i sideburet på sekken. Lyd av øyresus og hjarteslag har forsvunne. Høyrer berre at eg tygg nøtter, fleire nøtter, mange nøtter. Pakkar sekken og slengjer han på ryggen. Puttar dei kalde fingrane i dei kalde hanskane og luntar av garde. Kjenner sveitten i panna som renner i augo. Ei blanding av solkrem og sveitte som svir. Varmen i fingrane har no kome tilbake og eg kikkar på sola som stadfestar at det framleis er tidleg på dag. No høyrer eg fellane igjen, og lyden av stilla og eg er borte. Langt der oppe mot himmelsjå er målet for turen. Toppen badar i sol og skyene er på veg bort. Det er då det plutseleg skjer noko eg ikkje har opplevd før. Fellane byrjar å klabbe.
©️ Av Kjell Arve Nygård
@GalleriKAN