top of page

Lyden frå himmelen

Av Kjell Arve Nygård

Lyden frå himmelen

Kva var det for ein lyd? Den minna litt om lyden til den sinte motorsaga til far, men hadde ein litt annan frekvens. Dessutan kom lyden frå himmelen, og fars sag stod i garasjen. Snart fekk vi auge på eit fly høgt oppe i lufta. Eg hugsa at vi barna sprang etter lyden, og nesten framme ved det som vi trudde var målet, så vart det stilt, og vi luska slukøyra heim. Men neste gong vi høyrde den karakteristiske lyden, så var vi raskare og oppdaga mannen som styrte flyet nedanfrå bakken. Lite visste nok han den gongen, at han var med på å skape ei interesse blant fleire ungar i nabolaget, nettopp for «RC-fly» som hobby.

Flyet var ein «Terry» og var raudt, svart og kvitt frå «Graupner» og hadde ein OS Max-motor på 2,5cc. Når vi seinare høyrde «lyden frå himmelen» så visste vi kva dette var og la på sprang nedover jordet for å sjå på flyet og beundre føraren eller piloten som utførte akrobatiske krumspring på himmelen med flyet, for så å lande, fylle drivstoff og lette på nytt. Flygaren var «Einar Stranden» frå Stranda, oppvoksen på Langlo, også kjent for å bygge sin eigen bil «Stranden Scorpione» som stod ferdig i 1972. I 2023 blei bilen gjeven til Norsk Køyretøyhistorisk Museum på Hunderfossen for å vere ei inspirasjonskjelde for unge.

 

Valfag

Når vi seinare kom på ungdomsskulen, kunne ein velje «modellbygging» som valfag, og fleire bygde sine første modellar av fly eller båtar i desse timane. Først enkle modellar, seinare litt meir avanserte og gjerne motoriserte modellar. Det var her at eg for første gong vart kjent med balsa og eigenskapane til dette treet. Balsa-treet kjem frå plantasjar som blir felte etter ca. fire år, for så å tørkast. Det er svært lett i vekt og lett å forme. Dette gjer det svært godt eigna for modellfly og andre produkt der vekt spelar inn.

 

Prøving og feiling

Å bla i katalogar frå Oslo Modell Hobby eller Norwegian Modellers var på den tida lektyre på høgde med det aller beste som fanst, iallfall nesten. Men desse modellane var kostbare. Løysinga kunne være at ein bestilte teikningar og materialet ut frå spesifikasjon. Dette var balsaflakar, listverk film for trekking av vingar og anna nødvendig tilbehøyr. Vingane blei bygde med spant i byrjinga, men seinare oppdaga vi isopor. Då kunne vi skjere vingar frå isopor-blokkar med glødetrådskjærer. To profilar i kvar ende av blokka og ein bue med tynn metalltråd mellom, der vi sette straum på. Glødetråden var revolusjonerande, da det var litt som å «skjære smør med varm kniv». No kunne vi produsere vingar meir effektivt, ved å kle desse med balsaflak og lister, som var raskare enn å bygge vingane opp spant for spant. Kanskje ikkje like sterke, men det oppdaga vi ikkje før seinare, då dei kom i piruettar ned frå himmelen. Dette var læring.

 

 

 

Seglflyet som forsvann..

Ein kamerat som òg hadde RC-flyging og bygging som hobby, var oppe ved Småvarane og flaug. Denne dagen ville han prøve å fly heile vegen ned til Hevsdalen, medan han sjølv bevega seg nedover fjellsida. Flyet, eit ASW-17 med over tre meter vengespenn, var eit imponerande skue der det sveva høgt oppe på himmelen, for det var godt med «løft» denne dagen.

Nesten nede ved hytta til Arne Ringstad (Ola Arne), som no har gått bort, mista han augekontakt med flyet og såg det ikkje igjen. Han måtte returnere heim utan flyet, då han hadde ein viktig avtale han skulle rekke denne dagen. Han var utolmodig og fortvila, ettersom flyet med alt utstyr representerte ei formue for ein tenåring utan fast inntekt. Han likte ikkje tanken på at flyet no var borte for godt.

Då faren kom frå arbeid, tok han ein fjelltur for å leite etter flyet som hadde forsvunne. Flyet blei funne, og hadde ved «eigen hjelp» landa heilt, på ei slette ovanfor Meraftahornet. Det var ikkje mindre enn eit lite mirakel at flyet var utan skadar. Det var seglflyet som forsvann, men på uforklarleg vis fann vegen tilbake.

 

Mitt første motorfly

Eg var ikkje så erfaren på dette med motorfly, så når flyet var ferdig, oppsøkte eg ein kjenning i modellflymiljøet nede på «Øggaren» og spurde om han kunne ta dette opp første gongen. Han hadde tross alt gjort dette før. Det var ikkje berre enkelt å overlate kontrollen til flyet til andre. Å bygge flyet hadde teke mange arbeidstimar, men eg såg for meg at dette var beste måten å starte på.

Det heile starta pent og pynteleg, flyet oppførte seg eksemplarisk. Eg var stolt av å ha bygt mitt eige motorfly, og var svært letta då flyet kom glidande inn for landing med lågt turtal på den smale og humpete (også då) Ødegårdsvegen. Men nesten nede på bakken, to meter opp i lufta, skjener flyet litt ut til sida. Der står ein lyktestolpe, den einaste i nærområdet. Vi held pusten, så smell det. Ein sky av balsatre «regnar» frå stolpen, akkurat slik eit lauvtre slepp blada ein kald haustdag. Vi ser på kvarandre, men ber ikkje nag. Det var skjebnen, for «motorfly» blei ikkje mi greie, det blei seglfly.

Seglfly

Vi som dreiv med seglfly, fant fort ut, kor mykje mindre «strev» det var med seglfly enn motorfly. Her var det ikkje startproblem, kalde og såre fingrar som no svei. Dei hadde vore bortom propellen og fått nokre rifter som no var fylte opp med «flybensin» (metanol/nitrometan). Vi slapp dette med dårleg gløding og låg spenning på startbatteriet.

Her var det berre å montere vingane med solide strikk, slå på brytarane og kaste flyet ut frå «Kleiva», som vi kalla staden vi hald til, som var på veg opp mot Kleiveheiane. Det var her vi fann den rette vinden, som kom opp frå Velledalen/Myrdalen og strauk over Kleiva. På ettermiddag og kveld, kunne vi ha solgangsbris. Det var heller ikkje uvanleg at vi kunne flyge på «termikkbobler» (stiging av varmluft). Vart vi lei, og det vart litt for kjedeleg, så monterte vi på ei trekkpapirremse i halen på flya. Aktiviteten kalla vi berre for «nappe hale». Vi hadde og konkurransar med «catch and release» der vi navigerte flyet i hendene våre, for så å kaste det ut på ny.

 

Miljø for meistring og utdanning

RC-miljøet gav oss mykje glede og meistring. Vi eksperimenterte med dropp av fallskjerm og twist. Vi laga båtar som vi fiska med. I tillegg til å bygge flya , lærte vi «flyteknisk forståing» om korleis ulike lufttypar påverkar flyet og korleis flyet «reagera»  ved ulike funksjonar og situasjonar. Ein kan sikkert samanlikne RC-miljøet vi hadde med dei miljøa som i dag byggjer sin eigen dronar, sjølv om dette er eit produkt frå nyare tid.

Men det heile starta kanskje med «ein kar som stod nede på ei mark og styrte sitt eige fly» og på dette viset inspirerte andre ungar til å ville gjere det same. Ja, kanskje ville dei til og med sitje i flyet sjølve, når den tida kom, og dei skulle velje seg ei utdanning. For fleire personar som kom til RC-miljøet på den tida er i dag trafikkflygarar.

Ja, eg har tenkt tanken, (namn), dei gongane eg har floge med Norwegian: «Skal tru om det er du som er sjåfør i dag?» Så har eg folda hendene og sagt inni meg : «Håper han har trent på landingar»

©️ Av Kjell Arve Nygård

@GalleriKAN           

2024

bottom of page