Krigane på Stranda
Av Kjell Arve Nygård
Av Kjell Arve Nygård

«Ja, no lurer du kanskje på kva eg meiner, men på 70 -talet raste faktisk krigane på Stranda.» Krigane eller rivaliseringa var mellom ungar frå ulike byggefelt eller grendelag og spreidde seg og som ild i tørt gras til andre lokasjonar når ryktet nådde skulegarden. Eg hugsar best dei som var i nærleiken av der eg vaks opp. Det var krigen mellom Langlo og Storgjerde, mellom Barlia og Jakob og mellom Storgjerde og Furset. Sistnemnte blei ikkje store konflikten av. Historia fortel -at når Furset- learane såg den store horden av Storgjerdingar som kom mot dei på Korsbakken, så slapp dei stikkene dei hadde i handa. Det skulle vise seg, at det var middagstid på Furset- lea då.
Skogane som friområde
På denne tida var det ikkje uvanleg å opprette leirar, gjerne i skogsområde godt skjult i ein granskog eller i ulendt terreng. Dei bestod gjerne av enkle trehytter eller tipiar. Fleire hadde trekonstruksjonar oppe i trea som for eksempel vakttårn og taustigar. Det kunne være eit slit å drage med seg material nedanfrå, og fleire bønder har uvitande bidratt med unge trær frå skogen sin. Trøysta må være at det gjekk til ei god sak. For så lenge ein var der, gjorde ein ikkje noko anna gale.
Leirane var hemmelege, og kun dei som var involverte i bygginga, hadde tilgang. Om du tilfeldigvis kom over ein leir frå ein rivaliserande gjeng, så var dette god etterretnings-informasjon, som blei delt med dine kameratar. Då kunne den bli avlagt eit besøk, og kanskje litt «ramponert». Dette var gjensidig, for det var tross alt fienden sin eigedom.
Inspirasjon og desperasjon
Ein av dei eldre i gruppa vart som oftast valt til høvding. Andre kunne få tilleggsnamn utifrå bragder som blei utført, som «Sterke Bjørn». Han hadde velta eit tre, med berre nevane. Mest truleg, ein roten stubbe. Det er ikkje usannsynleg at vi var inspirert av bladet Sølvpilen, som mange las på den tida. Det var heller ikkje uvanleg at du kunne kome over litt meir erotisk lektyre i disse hyttene, som ikkje hadde noko med Sølvpilen å gjere. Heller ikkje Månestråle. Slik sett hadde nok hyttene fleire funksjonar, som skjul for aktivitetar som ein ikkje kunne holde på med heime, som smugrøyking og brygging.
Oppkøyring
I forkant av krigane plukka vi poteter som låg igjen i åkrane etter opptak. Disse drog vi med oss til fronten i ei gammal kjerre og desse fungerte som ammunisjon. For å få ekstra fart på potetene, så laga vi ein stor sprettert som vi sette fast i jorda. Andre laga seg treklubber, skjold, spyd og pil og buar.
Det var heller ikkje uvanleg å prøve og få med personar som var kjente for sin størrelse eller muskelkraft på sitt lag. Når disse vart sendt i front, var mykje av jobben gjort. Nokre kalla dette feige lag, men i krig, var ikkje dette eit tema.
I fyr og flamme
Fysiske konfrontasjonar med skadar var det likevel sjeldan, men for nokre over- ivrige «hynkylpartar», så var dette ein arena for å vise seg fram med tanke på rekruttering. Bruk av klubber og spyd kunne kome litt ut av kontroll. Derfor brukte vi poteter, og gjerne dei som var rotne. Men i eit slag mot ein leir i Storegjerde gjekk det litt for langt. Vi sette fyr på ein tipi i ein leir som låg under nokre store tørre furuer, ikkje langt frå hus. Det siste vi såg når vi sprang derifrå, var logane som hadde spreidd seg opp etter furuleggen og greinene. For oss var dette slutten på krigen. Vi var letta for at brannen ikkje fekk større konsekvensar og litt stolt av å ha svidd av ein tipi til motstandarane, på den andre sida av elva.
Krig i nye klede
Ser ein tilbake på denne tida, så var skogen og naturen ein viktig arena for leik, samhold og læring, og då tenkjer eg nødvendigvis ikkje på den erotiske litteraturen som var å finne i fleire hytter. Eg trudde ein periode at krigane tok slutt med vår generasjon, men den har berre teke andre formar på nye arenaer. Den har flytta seg frå skogane og naturen til konsollen på guterommet/jenterommet. Der rasar krigane endå med uminska styrke, meir avanserte våpen og berre eit taste trykk unna pornografien. Så står det igjen å sjå om det var så lurt.
Kjell Arve Nygård
@galleriKAN