top of page

Juleforteljing:
"Av med maska"

Av Kjell Arve Nygård

Av med maska1 (1).jpg

Minna frå jula i barndommen kjem tilbake. Då raste vi ned trappene tidleg morgon vesle julaftan for å sjå at mor og far hadde pynta juletreet ferdig med heimegjorde flettakorger, kremmarhus, englar, nissar, kuler, glitter og norske flagg. Treet var i god tid henta frå eiga granskog. Det å plukke ut og hente treet var ei hending i seg sjølv. Lukta av granbar frå dekorasjonar og barnåler fylte stova, og den raude julelykta og julestjerna hang i kvart sitt vindauge. Mandarinane og hasselnøttene var komne på bordet. Julemennene – altså damene, nissane, grisane, stjernene og hjarta – hadde vi vore med på å lage, ikkje minst dekorere med raud konditorfarge. No låg dei i kakeboksar saman med sirupssnippar og andre julekaker i spiskammeret, godt gøymde på øvste hylle, så vi ikkje skulle finne dei.

​

Det var stor stas Ã¥ sette støpselet i kontakta for Ã¥ sjÃ¥ om lysa pÃ¥ juletreet verka, eller ikkje. Slik var det før, at dersom ei pære var skrudd litt laust eller hadde gÃ¥tt, sÃ¥ lyste ingen av lysa. Dei var kopla serielt.  Dette skapte sjølvsagt litt rampestrekar. Dei fleste pakkane lÃ¥g under treet, men ikkje dei største – dei som var lettast Ã¥ avsløre kom som oftast med nissen pÃ¥ julaftan.

​

Julaftan

​Ventinga frå middag til utdelinga av pakkar var uuthaldeleg. Fleire gongar måtte vi inn i finstova for å klemme på nokre pakkar. Berre dei harde pakkane fekk merksemd. I fjøset var det sauer som skulle ha mat, noko som òg var irriterande, fordi vi var så ivrige etter å kome i gong.

Men fyrst skulle vi ete ribbe med mykje attÃ¥t. Ribbe hos oss var einstydande med fÃ¥reribbe, for det var sauer oss hadde. «Pinnekjøtt»  er eit namn østlendingane har gitt oss i erstatning, etter at dei etablerte namnet « ribbe» synonymt med griseribbe. Maten stod og godgjorde seg i store panner pÃ¥ komfyren gjennom dagen. Eimen av fÃ¥reribba med alt det gode tilbehøyret  som poteter, kÃ¥lrabistappe, surkÃ¥l, ertestuing og grovpølse fylte kjøkkenet. Heilt til slutt ,skulle ribba innom steikeomnen for Ã¥ fÃ¥ den litt «sprø». Det var prikken over i’en. SÃ¥ var det klart.  Til dessert kunne det være hermetiserte pærer med krem, eller riskrem med raud saus. Det var no jul berre ein gong i Ã¥ret og Ikkje sjeldan medførte all den gode maten ein time pÃ¥ sofaen med mageknip.         

    

Eg er ikkje sikker på når eg skjønte at det var ein grunn til at det tok tid, at nissen, pappa og forseinkinga i fjøset hang saman. Pussig nok kom nissen når pappa ikkje var der. Han hadde store støvlar, vottar, kvitt skjegg, raude kinn og var stiv i maska. Han hadde ein lang brun pelskåpe og ein striesekk med julegåver i. Eg kan framleis hugse den rare lukta av pelskåpa som vi ungar seinare fann når vi skulle leike på loftet til bestemor. Eg kjente igjen lukta av kåpa som bar preg av at det var her den hadde hengt på ein krok på veggen, på den ytter ste kvisten. Det var noko som ikkje stemte, når kåpa til nissen hang på loftet til bestemor, og støvlane som nissen brukte minna om fjøsstøvlane til pappa som stod i kjellaren. Men heilt sikker var eg ikkje, for stemma var no ikkje heilt lik.

​

Kjell Arve Nygård
@gallerikan
God jul og godt nytt år!

bottom of page