top of page

Hesten og Gråtassen
- eit møte mellom to arbeidshestar

Av Kjell Arve Nygård

Gråtassen vår u redskap og låve.png

Eg er oppvaksen på gard, eit småbruk. Både far og bestefar var industriarbeidarar. Mor var heimeverande husmor og seinare ansvarleg for at svoltne elevar på kantina ved Stranda vidaregåande fekk mat og omsorg.

Eg har så lenge eg kan hugse hatt interesse for traktor. Då er ikkje det så vanskeleg å sete seg inn i og forstå at overgangen mellom hest og traktor har måtte vore overveldande. Før hadde hesten drege reiskap som vogner, plogar og tømmerstutting(tømmerslede) etter seg. Med traktoren kom ikkje berre framdrifta, men også hydraulikken etterkvart. Ein kunne heve og senke reiskap. No var ein ikkje så avhengig av ei sta merr som med rette kunne bli irritert når insekta plaga ho på varme dagar. Ein trong heller ikkje avslutte arbeidet på jordet fordi hesten var sliten etter ein lang arbeidsdag. No kunne arbeidsdagen vare så lenge bonden sjølv ville og orka.

 

Vestlandshesten (Fjordingen)

Som på mange andre gardsbruk hadde bestefar hest for å utføre arbeid på garden. Han kjøpte dei som unghestar, trena og brukte dei i arbeidet, for så å selje dei vidare. Dette var ein måte å tene pengar på, sjølv om han kanskje gjekk med tap på nokre av dei. Bestefar hadde også ein Chevrolet lastebil som han kjøpte på Hole i Sykkylven tidleg på femtitalet. Den hadde sveiv på kassa og blei brukt til å køyre staur, tørrhøy, dyr, sand, ved og material. Sjølv om bestefar hadde ein lastebil på garden som vart brukt flittig, så var det mange jordrelaterte oppgåver denne ikkje var egna til. Likevel måtte ein prøve og teste ut, for det var slik ein fann ut kva som fungerte.

 

Unghestsjå i 1933

Stranda hadde tradisjon for å vere ei god hestebygd. På eit unghestsjå (utstilling) i 1933 var der totalt 44 hestar utstilt, frå tre år og nedover. Halvparten av desse var merrer og totalt 29 stk. blei premiert med sløyfe. Folk hadde komme frå lange vegar, frå ytre og søre Sunnmøre, frå Romsdal og Hornindal. Etter sjået uttalte statskonsulent Nordang lovord om framtida til vestlandshesten inne i fjordbygdene der også Danskar hadde vore til stades for å kjøpe hestar.

Etter krigen akselererte mekaniseringa av jordbruket, og dermed mista hesten sin posisjon som arbeidshest. Frå ein topp på 1920 talet på 20.000 hestar, er det i dag (2023) Sirka 5500 fjordhestar i Noreg. Men på slutten av 40 og begynninga 50-talet tok ein ny arbeidshest over, for no byrja traktorane å kome til bygdene og gardane.   

 

Massey Ferguson

Historia til Massey Ferguson starta i 1847 då Daniele Massey byrja å lage innovative og arbeidssparande maskiner som plogar og slåmaskiner. Seinere traff han Alanson Harris som hadde same planer. Dei to selskapa slo seg saman i 1891 noko som førte til verdas første sjølvgåande skurtreskaren i 1938. Rundt same tid fann Harry Ferguson frå Nord-Irland opp eit hydraulisk trepunkts reiskapsløft som gjorde tunge løft mogeleg, trass små traktorar.

Med dette revolusjonerte Ferguson landbruket over heile verda med sin produksjon av den første traktoren med eit trepunkts hydraulisk løftesystem. Eit prinsipp som framleis er i bruk. Eit vidare samarbeid og fleire samanslåingar enda bedrifta til slutt opp med namnet, Massey- Ferguson i 1958. Eiksenteret har ein lang tradisjon som forhandlar av Massey- Ferguson i Noreg.

Modellen som seinare blei kalla «Gråtassen» blei produsert frå 1946–1956. Ei historie fortel at «gråfargen» eigentleg var ei feilbestilling til det britiske forsvaret. Målinga vart kjøpt rimeleg til selskapet, som brukte ho blant anna på traktorar.

 

Bestefar kjøper traktor

I 1955 køyrde Massey Ferguson ein kampanje på brukte traktorar i England. Det vart bestilt to traktorar, til Sirka Kr 6000 for kvar av dei. Ein til bestefar og ein til ein anna bonde på garden Klipe på Stranda. Dette var modellen TEF-20 som gjekk på diesel og hadde trettifire hestekrefter. Denne modellen blei produsert i tidsrommet 1954–1956. Til å skrive bestillinga vart ein «skulert» frå nabogarden førespurt. Han kunne både tysk og engelsk, munnleg og skriftleg. Bestefar og bonden på Klipe jobba på same møbelbedrift, Stranda Lenestolfabrikk. Det var nok slik, ideen om å bestille to traktorar saman oppstod. Det var no heller ikkje tilfeldig at traktoren blei bestilt i 1955. Det var dette året den ny låven stod ferdig heime hos oss.

 

Den nye låven

Det var fleire omsyn å ta når ein skulle byggje ny låve. Effektiviseringa av jordbruket gjorde det mogeleg å auke husdyrbestanden. Difor blei dei ny låvane som kom på femtitalet større enn dei gamle. No gjekk bestanden i retning frå litt av kvart, til litt meir spesialisering. Låven hadde låvebru og murar i sement. I låven vår, var det to siloar, gjødselkjellar med separat landkomme (for urin), garasje for traktor og eit låvegolv og ei låvetrapp som var dimensjonert for vekta av traktoren. Samstundes skulle hesten snart ut av fjøset.

Reiskap tilpassa traktoren

Når hesten etter kvart døde eller blei slakta, sat bonden tilbake med reiskap som dei ikkje lenger kunne nytte seg av. Men ofte vart dette utstyret tilpassa traktoren og brukt vidare av kreative og nevenyttige bønder. Slik var det og heime hos oss. Traktoren vart utstyrt med «heimelaga» plog og skjær, av tre, jern og blikk. Treplogen held vegane på garden, opne og snøfrie i mange år. Ein gammal «siloknusar» blei seinare til snøfresar på traktoren, der ein måtte ryggje, for å bruke den. Og harva til hesten blei tjora fast under silosvansen på traktoren. Slik levde mykje av utstyret til hesten vidare.  

 

Tidsbruk og effektivitet

Av hendingar i Stranda Sparebank sin historie er året 1951 omtala som det året med mange lån til traktorkjøp. Ein skal ikkje sjå bort ifrå ,at det i denne perioden var god tilgang på hestekjøtt i butikkane, og prosentandelen hestekjøtt i ulike spekepølser måtte aukast, for å få bukt med «køane» av brukte arbeidshestar.

Ved innføringa av traktoren auka effektiviteten og lønsevne pr. time. På eit prøvebruk på Sve i Strandadalen syner innføringa av traktor at det var mogeleg å kvitte seg med hesten og få for til ei ekstra ku. Med nydyrking og leigekøyring kunne ein på denne måten auke innteninga på garden og halde seg med «gratis» traktor.

 

Utstyr på deling

I dag snakkar vi om delingsøkonomi og bildeling som noko nytt og revolusjonerande. Men deling eller sameige av traktor og tilhøyrande utstyr var ikkje uvanleg i perioden 1940–1980. Den første traktoren som kom til Stranda rundt 1947 var eigd av eit traktorlag beståande av 12 gardbrukarar frå Langlo, Helsem og Opshaug. Dei meinte at rasjonalisering av jordbruket måtte til. Dette var ein Ford Ferguson N-serie (1939- 1947) med reiskap på deling. To mann vart tinga inn for å køyre traktoren. I dag knyter ein bildeling opp mot det grøne skifte. Den gongen var det rett og slett sunn fornuft og økonomi som låg bak. Kvifor skulle kvar bonde åleine eige ein potetopptakar, potetsetjar, ei harv eller ei kappsag som ein brukte berre ein gong i året. Det ville vere sløseri med pengar. Difor gjekk fleire bruk saman om disse investeringane. Det hende også at gardsbruk som låg tett inntil kvarandre hadde ein traktor på deling, i ein startperiode.

 

Samanlikning av ulike arbeidshestar

Når vi hadde det utstyret på garden som vi hadde, så var det ikkje berre økonomi som spelte inn. I utgangspunktet var garden eit småbruk, og dyrkamarka vart mindre, då skulen blei bygd, på slutten av syttitalet. Medan mange bønder rundt hadde oppgradert traktoren til raud eller blå (les Massey Ferguson eller Ford), så hadde oss den same «gråtassen» i fleire år. Slik sett var det ikkje noko utstyrshysteri frå denne kanten. Men vi har helde oss trufast til Massey Ferguson. Først gråtassen TEF-20, så MF-135 og i dag MF-250 4x4. Alle gode traktorar for sin periode, som dekte vårt behov.

I 1955 kosta ein ny Massey Ferguson MF TEF-20 Sirka 11000 kroner. Den hadde sirka 30Hk, vog ca. 1100Kg og kunne løfte sirka 1000kg på hydraulikken. Ei gjennomsnittleg industriarbeidarløn var i 1955 Sirka 900 kr mnd. Den mestseljande traktoren i Massey Ferguson serien, var i 2022, MF-5S.145. som kosta sirka 1,3millionar kroner, hadde 145Hk, vog 5,3 tonn og kunne løfte sirka 6 tonn på hydraulikken bak. Ei gjennomsnittleg industriarbeidarløn 2023 er Sirka 46.000 kr mnd.   

 

Utstyrshysteri eller nødvendige investeringar

Ein kan lure på om dette er utstyrshysteri eller positivt for næringa sjølv. Mange bønder slit med jordpakking, som er forårsaka av tunge traktorar og utstyr på jordet over tid. På jordet med store flater ser ein ofte at dammar med vatn som blir liggjande opp på jorda. Då er evna til jorda sjølv til å drenere overskotsvatn borte. Dette gir igjen dårlegare vekstkår for planter og gras.

Mange av desse store bruka ligg på flatt lende. Dei er effektive, men svært sårbare for ver- utfordringar. Noko vi nyleg har opplevd. Dei mindre effektive bruka, ofte med betre jordkvalitet blir lagt ned, fordi lønsemda ikkje er til stades. Då kan ein spørje seg kva som har gått gale med norsk jordbrukspolitikk. Har bøndene for få traktorar? Eller er dei for store, og gardane for små? Eller har bøndene blitt entreprenørar og eigedomsutviklarar, som har selt mjølkekvotane sine, til fordel for eit meir behageleg liv.

Ein ting er sikkert. Bøndene må tilbake til kålhovuda og finne ei løysing på problemet. Ei løysing som ikkje inkluderer store butikk-kjeder som manglar bondens truverd for å kunne levere og ta betalt for kvaliteten på produkta dei må produsere i framtida.

 

Uviss framtid

I dag er sjølvforsyningsgrad i Noreg på sirka 46 % (2021). Det ville vere galskap å basere seg på ei framtid, der størsteparten av maten vi har behov for, vil måtte importerast. Då treng vi ikkje våpen for å krige, men mat for ikkje å svelte. Kanskje det er på tide å klatre ned frå gjerdet å ta innover oss alvoret i utfordringane vi står framfor.

Ei historie som har komme meg for øyret, var bonden som ikkje kunne finne traktor nummer tre. Han vart sint og galen, og meinte at naboen hadde stole den. Det var like før dei to bøndene rauk i tottane på kvarandre. Men etter nokre dagar så måtte han pent be naboen om unnskyldning. Han hadde funne traktoren nedanfor låven, parkert bak gravemaskina og lastebilen.

©️ Av Kjell Arve Nygård

@GalleriKAN           

«Oppvaksen på gard»

 

«Oppvaksen på gard» er ein «trilogi» som skildrar utvikling, inovasjon og minner frå livet på gården som barn. Her finn du forteljingar fulle av glede, humor, spenning, alvor og refleksjon. Tema spenner vidt. 

Hesten og gråtassen. «eit møte mellom to arbeidshestar».

Tørrhøy. «på hengande håret»

Sauen «langt meir enn Fårikål på fire»

©️ Av Kjell Arve Nygård

@GalleriKAN

 

 

Kilder:

Strandasoge «Ei lita bygd i verdsklasse»

Fjordhest – Wikipedia

Ferguson TE20 – Wikipedia

www.eiksenteret.no

www.lo.no

www.nibio.no

bottom of page