Hallo! Er du heime? 2/2
Av Kjell Arve Nygård

Forord
Hallo! Er du er heime? Er ei reise tilbake i tida til slutten av 1800-talet, då telefonen vart oppfunnen. Den følgjer den teknologiske utviklinga fram til byrjinga på 2000-talet då «smarttelefonen» vart allemannseige.
Dette er ikkje ei forteljing om kva utviklinga hadde å seie for samfunnet, men heller eit skråblikk på den teknologiske utviklinga, som« hugsar du», eller slik var det då, og kva som møter oss framover.
©️ Av Kjell Arve Nygård
@GalleriKAN.no
MOBILTELEFONEN
Ein dag kom onkel på besøk. Onkel var «disponent». Det var alltid spanande å sjå kva onkel hadde med seg.
Han hadde bilar som eg knapt nok hadde sett før, heller aldri same bilen. Ein gong hadde han med seg noko som likna på telefonregisteret i telefonskuffa. Men denne hadde vindauge på, eller «display» som han sa. Det var ei maskin som kunne rekne, ein elektronisk kalkulator. Dette var på 70- talet.
Men denne gongen hadde han noko som likna ei skulderveske – men der hang ein liten koffert. «Det var ein mobiltelefon», sa onkel. Han kunne no ringe utan tilkopling, og frå bilen om han ville. Dette var heilt i byrjinga på 80 – talet.
Bedriftsleiarar, helsevesenet, andre nødetatar og transportbransjen var blant dei første som tok i bruk den portable mobiltelefonen som kunne vege frå 3,5 -10kg. Telefonen var kostbar –sjølv på den tida måtte du betale mellom 20.000 og 35.000 kr. I tillegg blei telefonane ein form for «statusmarkør» Det var ikkje så så verst å køyre rundt med pappa sin bil med mobilantenne bak på skjermen eller på taket. I den kampen tapte bilane med terningar i frontruta og «trappa» i bakruta, for bilane med mobilantenne kunne til og med dra damer på bygda, – om dei då visste kva det var.
NMT.450 (1981-2004) NMT.900 (1986-2001)
Etableringa av NMT (Nordisk Mobiltelefonsystem) var eit samarbeid melom Noreg, Sverige, Finland og Danmark. Nettet vart bygd ut av Televerket, men Ericsson og Nokia leverte mykje av det tekniske utstyret.
NMT Systema var analoge og hadde sine avgrensingar i samtidige samtalar. NMT 450 hadde lågare frekvens og lengre rekkevidde og var best eigna i område med spreidd busetnad. NMT 900 hadde høgare frekvens, tettare med basestasjonar og betre kapasitet i byområde (urbane strøk).
SIMONSEN NMT - EIT NORSK PRODUKT
Simonsen Elektro AS var ei norsk bedrift som vart stifta av Willi Simonsen i 1970. Bedrifta blei stifta med tanke på den komande marknaden for NMT-telefonar på 1980-talet – ein periode som vart rekna som gullalderen for Simonsen Elektro AS. Dei starta med produksjon av manuelle mobilløysingar, men då det nye NMT-nettet for automatiske mobiltelefonar stod ferdig i 1981, forsynte dei marknaden med telefonar. Simonsen vart då ei kjent merkevare i Noreg og ein konkurrent på den nordiske marknaden.
Bedrifta produserte telefonar for både NMT 450- og 900-nettet, og var særleg kjente for telefonar med låg vekt. I 1995 lanserte dei Freeway, den minste trådlause telefonen basert på 900 MHz-teknologi.
Seinare hamna selskapet på utanlandske hender. Etter fleire namneskifte og eigarskifte enda historia i 1998, då merkenamnet vart seld.
NMT- telefonane hadde ein høg pris og ein avgrensa marknad. Begge systema (1G) blei etterkvart utfasa til fordel for digitale løysingar som kom etterpå (GSM, 2G)
MOBILNETTVERKA OG GSM TELEFONEN
I 1949 blei Elab (Elektrisk laboratorium) oppretta som eige forskingsinstitutt i samarbeid NTH og SINTEF. Dei jobba saman med Televerket og var sentral i utviklinga av det digitale systemet som skulle kome etter NMT. Systemet vart kåra til vinnar blant åtte system frå fem land av CEPT (organisasjon for alle teleselskap i Europa) i 1987. I 1993 blei Elab innlemma i SINTEF,
GSM-telefonen (Global System mobile) var eit digitalt system for mobiltelefoni som sendte radiobølger i UHF- bandet. I 1991 ville staten tilnærme seg EU-direktiva om frie marknader og tildelte NetCom (seinare Telia) lisens for å konkurrere med Televerket (seinare Telenor). Dette var starten på oppløysinga av telemonopolet.
EIT MONOPOL I OPPLØYSING
I 1993 kom netta til dei to aktørane i kommersiell drift. Dette gav oss som forbrukarar eit reelt alternativ. Mest sannsynleg inngjekk selskapa ein nasjonal roaming-avtale der NetCom fekk tilgang til Telenor sine basestasjonar i meir grisgrendte strøk, der lønsemda ikkje var tilstrekkeleg. Berre på denne måten kunne dei konkurrere reelt.
I 1998 vart marknaden ytterlegare liberalisert, og siste rest av telemonopolet forsvann, og for fasttelefon for private. No kom enda fleire aktørar til, som Chess,Tele2 og One Call. Desse selskapa nytta seg av nettverka som allereie var etablert av dei to hovudleverandørane.
Seinare la Post- og Teletilsynet til rette for at ein ny aktør kunne bygge ut sitt eiget mobilnett. I 2020 hadde Ice om lag 94% dekning i eige nett. I 2024 ble Ice ein del av Lyse Tele AS.
«GSM telefonen» var eit stort sprang, for no vart mobiltelefonen som namnet sa, meir mobil. Dette var telefonteknologien og telefongenerasjonen som starta kapplaupet mellom dei ulike aktørane og produsentane som seinare skulle føre til at mobiltelefonen nesten skulle bli allemannseige. Den kunne med nød og neppe gå i ei romeleg lomme – om du slo ned antenna. Nokre mobiltelefonar hadde teleskopantenner som du drog opp, medan andre hadde antenner som låg ned langs sida på telefonen og måtte vendast opp ved bruk.
Minna frå den tida er typisk « Du har ei ny melding» eller « eit tapt anrop». No kunne du sende SMS.(Short Message Service). Dette var den første digitale telefonen som tok i bruk SIM-kort. Kortet som enkelt kunne bytast og inneheldt informasjon om ditt abonnement. I starten kunne ein oppleve dårleg dekning i landlege omgivnader, støy (interferens) og dårleg kapasitet på batteriet, men dette betra seg då nye modellar kom. Du kunne også nytte deg av telefonsvararen (Voicemail), eit eige nummer du ringde for å lytte til telefonbeskjedar. Desse talepostkassene blei meir og meir avanserte og kunne om du ville vidaresende beskjeden til mail-boksen din.
Mange som meg, fekk dekka mobiltelefon i jobben, om du hadde behov for dette. Bakdelen med dette, var at du sjeldan hadde fri. Folk kunne ringe kveldar og helger. Typiske merke på denne tida var Nokia og Ericsson. Modellar som Nokia 2110 og Ericsson GH337 selde godt. Men telefonane var likevel dyre i startfasen og merket folk og bedrifter brukte var ofte styrte av kampanjar frå leverandørane, som hovudsakeleg var Telenor og NetCom.
HISTORIA TIL SMARTTELEFONANE
Utover på 90-talet og byrjinga på 2000 -talet kom det til fleire telefonar med betre funksjonalitet, kamera og eigne operativsystem. Ordet «smarttelefon» var i mindre grad brukt om desse. Døme på slike telefonar er: BlackBerry, HTC med Windows Mobile, samt Nokia og Sony Ericsson med Symbian. Det finske selskapet Nokia hadde vore suverent marknadsleiande i verda fram til no. Men Nokia «sovna» saman med Symbian operativsystem og undervurderte ein marknad som var klar for «smarttelefonar» med berøringsskjerm. Nokia kunne ikkje konkurrere verken med iOS eller Android, som skulle kome framover. Då Apple lanserte iPhone 2G med iOS operativsystem i Noreg i 2007, låg denne mobiltelefonen langt framanfor sine konkurrentar. Han hadde skjermbasert tastatur og eit eige «bibliotek» med applikasjonar, App Store. Nokia sin mobiltelefonavdeling blei seinare slukt av Microsoft, etter eit lite vellykka samarbeid. Noko liknande skjedde med Ericsson og Sony, der sistnemnte kjøpte ut Ericsson. Konkurransen med Apple var tapt. I 2010 lanserte Samsung for første gang ein reell konkurrent til iPhone. Dette var Galaxy S, med stor skjerm og god kapasitet. Dette skulle bli den største konkurrenten til iPhone på eit Android-operativsystem. Sidan 2010 har Apple og Samsung konkurrert om å ha det beste produktet og størst marknadsandelar. I dei seinare åra så har det kinesiske merket Xiaomi hevda seg blant dei tre største mobilprodusentane i verda. Det står att å sjå om dette produktet kan hevde seg i den norske marknaden. Det vil mest sannsynleg ikkje stå på tekniske spesifikasjonar.
G FOR GENERASJON OG VEGEN TIL FRAMTIDA
Heilt sidan vi presenterte 1.generasjon analoge nettverk for mobiltelefon på 80- talet har kvar generasjon sidan dette hatt sine eigenartar og eigenskapar med støtte i mobiltelefonane.
2G var digital telekommunikasjon, GSM,SMS, EDGE og MMS. 3G var raskare mobilt internett med UMTS, nettsurfing, multimediastøtte og breiare dekning. 4G var enda raskare, streaming av HD og 4K videoar, LTE støtte for utvikling av framtidige applikasjonar og online speling. 5G Enda raskare med fleire GBs, mindre forseinkingar som opna opp for autonom transport, VR/AR (virtuell og utvida verkelegheit). 5G har også auka energieffektivitet og laga for å handtere fleire samtidige einingar.
Nyleg var ei sak om stenging av det eldre 2G- nettet framme i media, då både Telenor og Telia hadde varsla om å stenge desse ned i løpet av 2025. Men transport og kommunikasjonskomiteen foregreip situasjonen og vedtok ei utredning om kva for system av betydning for sikkerheit og beredskap som kan bli ramma av den varsla nedlegginga.
Det viser seg at fleire alarmar og varslingssystem, mellom anna i bilar, brukar 2G-systemet i dag. Telenor har valt å utsette nedstenginga til 2027.

Kapasitetane til mobilnettverka frå 1G til 5G (logaritmisk skala for visualisering av auka).

Grafen viser en estimering av kapasiteten til samtidige operasjoner per sekund for de ulike
iPhone-modellene fra 2007 til 2025, basert på Geekbench Multi-Core Score
KVA KAN EIN FORVENTE AV 6G (GENERASJON)
Som ved alle nye generasjonar av nettverk har auka hastigheit vore ein sentral del av utviklinga. 6G blir ikkje noko unntak, då det er venta hastigheiter på opp Tbps-skalaen, som er mykje raskare enn dagens 5G. Med nesten ingen forseinkingar (latens) så opnar dette for nye bruksområde. Ein kan operere autonome køyretøy og båtar. Forbetre robotteknologi til industrielle og medisinske formål og nytte desse på sikrare måtar. Nytte MR (Mixed Realty), blanda verkelegheit i samband med til dømes turisme, der du foretar reiseopplevingar frå godstolen, eller opplæring på fysiske modellar ved bruk av hologram. Sexindustrien har til glede for nokre og ergelse for andre vore og er ein ivrig aktør med å ta i bruk nye teknologiar i ein umetteleg marknad. I tillegg vil ein få auka bruk av velferdsteknologi, avansert sensorteknologi og smartteknologi saman med kunstig intelligens (KI) og ha integrasjon med satellittar. Eit nett med tanke på å minimalisere energiforbruket. Vi har med andre ord mykje framom oss dei neste fem -ti åra (2035).
SKJERMBRUK OG FORSKING
Seinare forskning med barn frå fem til 17 år har vist at å redusere skjermtid i familien si fritid til maksimalt tre timar per veke fremjar barn og unge si mentale helse, reduserer emosjonelle symptom, reduserer problem med jamaldringar og aukar sosial kontakt med barn og unge.
Gruppene bestod av: 86 barn og unge og 82 vaksne.
Dette gjaldt smarttelefonar, nettbrett, datamaskiner eller TV. Dei kunne bruke skjerm på skulen og i jobb dersom dei var vande til det. Desse vart målte mot ei kontrollgruppe med om lag tilsvarande samansetjing.
TANKEEKSPRIMENTET – TILBAKE TIL FRAMTIDA
Tenkjer tilbake på då eg skulle besøke Knut i tankane tidleg på 1900-talet. I 2025 hadde ikkje dette vore noko tema. Hadde eg berre kika på telefonen min hadde eg sett kor Knut oppheldt seg. Bilete og video hadde kome på Snap, og opphaldet på setra med Dagros og Litago hadde blitt grundig dokumentert både på Instagram og Facebook. Dessutan hadde eg fått melding om at han ikkje var heime før dagen etter.
Men det eg ikkje fortalde frå turen min den gongen, var alle opplevingane. Om Flaggspetten som hakka på ein telefonstolpe, om Orrfuglen som flaug opp frå reiret med ungar. Om lukta frå det våte graset i hesjene og den gode samtalen med bestefar til Knut om gamle dagar. Ikkje minst, ein tur som gjorde godt både for kropp og sjel.
Er det noko vi går glipp av? På vegen mot ein meir hektisk kvardag der teknologien krev meir og meir av tida vår. Ein skulle tru at den same teknologien gjorde oss i stand til å opparbeide store overskot av tid. Men det ser ut til at vi er umettelege. At teknologigigantane ikkje berre kjemper om fritida vår. Dei vil alltid ha all tid vi har. Men vi kan ikkje skulde på kor travelt vi har det. Men heller «kor travelt vi tar det», då det viser seg at den største delen av skjermbruk-teknologien brukar vi på sett å vis til å underholde oss sjølve. Det er lenge sidan Tech-gigantane har gått frå å dekkje eit behov til det å skape eit behov.
TOEGGA SVERD
Framtidas smarttelefonar vil vere bygd rundt kunstig intelligens, der tale og språk vil spele ei nøkkelrolle for å utvikle og forbetre algoritmar og modellar til gode tenester til forbrukarane. Når ein ser kva som skjedde med dei grunnleggande reknekunnskapane etter at kalkulatoren kom, så ser ein kva ein står framfor når det gjeld skriftspråket. Ein blir nok ikkje betre til å ordlegge seg eller i rettskriving ved å overlate denne kunnskapen til andre. På sett og vis kan ein seie at KI blir klokare av at menneska blir mindre intelligente og gjer seg avhengige av KI. Så enkeltindividet sin kunnskap og evner vil være avhengig av «korleis ein klarer å gjere seg nytte av informasjonen som kjem ut?" Eit anna spørsmål er då - kan ein stole på den? Kanskje står vi på terskelen til den største teknologiske utviklinga, der datateknologi i større grad enn nokon gong vil verte nytta og med dårlege hensikter, for å sabotere eller villeie.
I mange heimar går det føre seg harde diskusjonar om barn i ung alder skal få tilgang til smarttelefon. Mange foreldre gir etter for press med argument som at, «alle venane mine har dette». Med dette gir dei barna tilgang til ein arena som dei som foreldre ikkje klarer å følgje med på - ein arena der barna «speglar» seg i jamaldrande eller vaksne med verdisyn og haldningar som dei i utgangspunktet ikkje ønskjer at barna deira skal verte utsette for, eller ta etter.
Telia har ein reklame om at ein ønskjer at vi skal legge mobiltelefonen i «pauseboksen». Og for den som har fått med seg programmet «Gullfisken» som kåra den beste reklamen i året som har gått, 2024, så var vinnaren «bare når det regner», for Ice. Ein liten gut som får fortalt av faren sin at nettbrettet fungerer berre ved regn. Er reklamen ein genistrek, der dei får selt enda fleire abonnement? Eller er det litt hyklersk at to av dei tre største nettverksoperatørane tener gode pengar på at barn og ungdom blir meir avhengige av skjermtid, medan dei i reklamen latar som om dei bryr seg?
Eg har ikkje tru på deira truverd, og dette er ikkje rette fora for eit så alvorleg tema. Uansett, reklamen bit ikkje på meg. Eg vil ikkje sitje å glane på TV-en, scrolle igjennom livet og bli minna på kor hjelpelause folk er til å styre sin eigen kvardag. Eg byter leverandør - og besøkjer Knut.
Eg vil hevde at telefonen er ei av dei smartaste, men også den mest skadelege oppfinningane i historia. Han er smart fordi han samlar eit uendeleg mangfald av funksjonar i ei eining, men nettopp dette gjer han også skadeleg og menneska sårbare. Den enorme rekkevidda påverkar menneske over heile verda og skapar avhengigheit på tvers av alle aldersgrupper, både på godt og vondt, mest som eit toegga sverd.
Men viktig har telefonen og seinare mobiltelefonen blitt, sjølv om Alexander Graham Bell ikkje skal ha all ære for dette, for han kunne vel ikkje vite kva veg utviklinga ville ta. Dessutan herska det tvil om kven den eigentlege oppfinnaren var.
KILDER:
Stranda Sogelag, Bygdeminne – Hefte nr. 27
Grafar laga med hjelp frå ChatGpt
Takk til Ingvild Parr som har bidrege som korrekturlesar, og til dei som har bidrege med nyttig informasjon i arbeidet med historia