Hallo! Er du heime? 1/2
Av Kjell Arve Nygård

Forord
Hallo! Er du er heime? Er ei reise tilbake i tida til slutten på 1800-talet då telefonen vart oppfunnen. Den følgjer den teknologiske utviklinga fram til byrjinga på 2000-talet då «smarttelefonen» vart allemannseige. Dette er ikkje ei forteljing om kva utviklinga hadde å seie for samfunnet, men heller eit skråblikk på den teknologiske utviklinga som, « husker du», eller slik var det då, og kva som møter oss framover.
©️ Av Kjell Arve Nygård
@GalleriKAN.no
REISA TILBAKE I TID
Tenk deg at du sit heime. Tida er skrudd tilbake, og året er 1910. Du kunne tenkje deg å besøke han Knut, ein ven. Men Knut bur saman med foreldra sine fem kilometer fram i dalen. Du veit ikkje om Knut er heime, for han går ikkje på same skule som deg. Du tar beina fatt og går. Du har gått turen mange gongar før og raskaste veg tek cirka ein time. Denne gongen gjekk det tråare: - Du blei overraska av regnbyge på vegen. Skuffelsen var stor då du kom fram og spurde etter Knut som ikkje var heime. Han hadde blitt med naboen som skulle ta kyrne til setra og ville ikkje vere heime igjen før langt på kveld. Du vende nasen heimover, det er skymt og dagen har snart gått til kveld. Fire timar har du brukt på eit besøk som tilsynelatande ikkje blei noko av. Du skulle berre besøke ein kamerat. I ettertid var du glad at du ikkje gav deg til å vente til kveldinga. Det skulle vise seg at Knut overnatta på setra denne gongen.
TELEFONEN
Alexander Graham Bell (1847 –1922) var en skotsk-amerikansk oppfinnar, vitskapsmann og ingeniør som er best kjent for å ha oppfunne telefonen. Det er litt usemje kven som skal krediterast for oppfinninga, Italienaren Antonio Meuccisom eller Bell. Uansett blei det Bell som tok patent i 1876. I 1877 blei den første telefonsamtalen over lengre strekning føretatt mellom Kristiania (Oslo) og Drammen på telegraftråd.
EIT TELEGRAFVERK I UTVIKLING
I byrjinga var utbygginga av telelinjer drivne av private selskap og kooperativ med konsesjonar frå staten, men desse blei gradvis overtatt av Telegrafverket som var eit statleg norsk teleselskap stifta i 1855. Dei fekk etter kvart einerett i 1918 på å bygge ut og drifte det offentlege telenettet som ein større nasjonal strategi for å sikre og kontrollere utbygginga av landet. Då ein tok til å sende data over telenettet i 1969 skifta selskapet namn til Televerket, og i 1995 blei det statleg eigde selskapet til aksjeselskapet Telenor.
I 1882 vart eit elektronikkselskap med namnet Elektrisk Bureau (EB) grunnlagt i Kristiania. Dette selskapet fekk sterke band til Televerket. På 1960-70 talet produserte EB det aller meste av telefonar for norske heimar når køane på telefon og linjer skulle ned. På denne tida var det ikkje uvanleg med ventetider på to år på å få telefon, som ofte var behovsprøvd. Men det eksisterte også tilfelle på 1950-talet, der folk hadde stått 20 år i kø. Kostnaden for å etablere telefon kunne liggje ein stad mellom 1 000 og 1500 kroner. I 1988 vart Elektrisk Bureau ein del av ABB.
Tore Olaus Engset (1865–1943)
Tore Olaus Engset, fødd på Stranda i 1865, var matematikar og ingeniør. Han arbeidde heile livet i Telegrafverket, der han utvikla Engset-formelen, ein rekneformel for trafikk i telefonsentralar. Denne modellen gjorde det mogleg å berekne kor mange linjer ein trengde for å unngå overbelastning, noko som vart viktig då telefonnettet voks raskt. Engset var ein pioner innan sannsynsrekning og trafikkteori, og arbeidet hans fekk stor betydning internasjonalt. Han var telegrafdirektør frå 1921 til 1935 og spelte ei sentral rolle i moderniseringa av norsk telekommunikasjon. Formelen hans vert framleis nytta i moderne tele- og datanettverk. Han døydde i 1943, men bidraga hans lever vidare i teknologien vi bruker kvar dag.
I jubileumsboka for dei som tok examen artium i 1892 "Studentene fra 1892", utgitt i 1942, skildrar han karriera si sjølv på denne måten (utdrag):
«I min virksomhet som tjenestemann i Telegrafverket i de forskjelligste stillinger gjennem et tidsrum av mer enn 51 år, har jeg hatt meget glede av utmerket godt samarbeid med mange fortreffelige dyktige og interesserte kolleger. Det har alltid vært meget å gjøre i denne instituasjon. Vi har også alle hatt gleden av å opleve en rivende utvikling til gagn for vårt folk, som gjennem sin flittige bruk av telegraf og telefon også har vist at det setter pris på disse vidunderlige kommunikasjonsmidle»
PRIVATE TELEFONSAMLAG
Kanskje vart telefonen « eit byfenomen». Kanskje ein konkurrent til telegrafen. Dei hadde no trass alt bygd ut linjer for telegrafen, skulle dei no gå bort frå desse. Dette var tankar som eksisterte, men medan staten vurderte om den skulle hive seg på bølgja med den siste «oppdaginga» telefonen, så tok enkeltpersonar og bedrifter saman skeia i eiga hand og etablerte private telefonsamlag over heile landet. Desse telefonsamlaga fekk mykje å seie for dei meir «grisgrendte» bygdene og byane på Sunnmøre som på denne måten fekk ta del i veksten og dei fordelane dei større byane opplevde.
Når staten etter kvart fekk «tenkt seg om» og såg kor viktig telefonen kom til å bli, so vedtok Stortinget lover som sikra Telegrafverket monopol på å etablere sentralar og linjer, samt å drifte desse. Dei private telefonsamlaga fekk drive med konsesjon i fem år av gongen etter avtale med Telegrafverket og staten. Med tidlegare erfaringar for etablering av linjer for telegrafen, kunne Telegrafverket bruke mykje av dei same traseane og bygningane for telefonlinjer til riksnettet. Staten påla i ei tidleg fase kommunane å drifte sentralane med lys, varme og bodteneste.
Sparebankane rundt omkring såg på dette som «allmennyttig øyemed» og ville spare allereie fattige kommunar ved at dei tok kostnadane ved å gi årlege «gåver». Telegrafverket visste at så lenge dei hadde kontroll på stamnettet så vil dei uansett ha bukta og begge endane. Telegrafverket tok gradvis over dei private telefonsamlaga, men det tok si tid. Det var utfordrande både med omsyn til nasjonale interesser, politisk press, motvilje og baud på tekniske og økonomiske utfordringar. Det var motvilje frå private aktørar som ville behalde inntektene sine, som no var redd for høgare prisar, politikarar og folk som meinte at staten ikkje burde blande seg og ein stat som kjøpte «katta i sekken» og skulle integrere denne i sitt stamnett.
Av lovene som kom som perler på ei snor i 1881,1883 og 1918 angåande telekommunikasjon, ser ein korleis staten prøver å manøvrere mellom private og statlege interesser. Nasjonalismen skulle vinne, «koste kva det kostar». Etter 1940 var den statlege telefonen innført overalt på Sunnmøre, men det siste private telefonselskapet i Noreg blei overtatt av Televerket i 1974. I 1986 vart den siste sentralen, Balsfjord i Finnmark, automatisert.
TELELINJE OG SENTRALAR I STRANDA
I 1899 kom telelinja med kabel over fjorden frå Liabygda. Derifrå gjekk den på stolpar til sentrum og Sparebankhuset ved Almenningen . Før hadde ein blitt henta med båt og rodd over fjorden til Liabygda og gått opp til Ringset for å ta viktige telefonar. Dei hadde fått telefonlinje frå Ålesund i 1895. Seinare kom greiner og talesentralar på Langlo, i bygda, på Furset og fram i dalen. Korleis telefonien spreidde seg på bygdene var påverka av fleire faktorar, som busetnad og kostnader. Om du hadde ei viktig stilling eller funksjon var også svært avgjerande. Offentlege tenester som lensmann, doktor og prest, private bedrifter og kjøpmenn var pådrivarar. På Stranda hadde doktor telefonnummer 1og hotellet telefonnummer 2 i ein tidleg periode.
På «Skaffarøggaren» på Stranda var der skysstasjon, og skysstasjonane fekk tidleg telefon. Var der skysstasjon, var der vegar, og var der vegar så var der også oppføringstrasear for stolpar og linjer. Mellom 1914 og 1915 var der tre linjer og seks sentralar i bygda. Kvar sentral hadde sin «styrar». Når det gjaldt talesentralar, så var dette gjerne personar med tilknyting til bygget sentralane var etablerte i. På denne tida kunne fleire husstandar dele linjer, der dei hadde sine definerte ringesignal i lengde. Linjene i dei ulike grendene kunne ha eit unikt nummer. På denne måten hadde dei også eit internsamband mellom desse husstandane med at ein kunne løfte av røret og sveive signalet til naboen og såleis ringe gratis. Dei mindre sentralane ute i grendene blei definert som «talesentralar». Namnet var ein måte å opplyse om tenestene på, då tale skulle erstatte meldingar laga ved hjelp av morsesignal som telegrafstasjonane hadde levert fram til no.
Å SPRINGE BOD
Å få telefon i ei tidleg fase på bygda var eit privilegium, men også ein stor kostnad og eit ansvar. Kostnaden var i byrjinga ein fastkostnad i året. I tillegg kom kostnader med vedlikehald av linjer og stolpar for dei som hadde ansvar for «talesentralar». Andre oppgåver bestod i å bodsende beskjedar til den som ikkje hadde telefon, og det var mange. Det kunne vere viktige beskjedar som dødsbodskap, sjukdom eller folk som på andre måtar måtte ha tak i nokon. Dei måtte møte opp til eit fast avtalt klokkeslett då samtalen skulle finne stad. Bodet skulle den som ringte betale for. Tidleg på 1900-talet var bodtenestene dedikerte personar som var lønna av kommunen eller staten, og seinare ført som fråtrekk eller tillegg på regningane til abonnementa.
Det å springe med bod kunne vere ei viktig inntektskjelde og lommepengar for barn og unge, men det var nok mange som sprang eller gjekk på denne tida som ikkje såg noko til desse pengane.
SENTRALEN I SENTRUM
Telefonsentralane vart sett på som «kvinnearbeidsplassar» tidleg på 1900-talet, der motivet var lågare lønn. Utsegner som «passende næringsveg for skikkede kvindelige individer» vitnar om eit forelda kvinnesyn. I tillegg skulle dei være ugifte. Var ein gift, så var heimen deira naturlege plass og lenge var det slik at dei som gifta seg eller fekk barn, mista arbeidet ved sentralen. Kvinnene eller «telefonistinnenen» var oppdaterte på det som skjedde i byen eller på bygda. Det var dei som skreiv telegram og dei som sende bod. På mange måtar var sentralen og kvinnene i «sentrum».
I 1938 flytta sentralen frå Allmeningen inn i nybygget til Stranda Sparebank (Rådhuset/Skinkerådhuset). Etter krigen og utover på femtitalet voks talet på telefonabonnentar på Stranda, og etter kvart som nye linjer blei lagt og kopla til sentralen i «sentrum», så vart dei mindre «talesentralane» som vaks opp i byrjinga avvikla. I 1960 var der berre ein sentral.
Sentralen i sentrum hadde tre skift. Eit frå morgon til middag, eit frå middag til kveld og eit nattskift. I det meste jobba cirka 12 personar på sentralen. Å jobbe på sentralen kunne være både hektisk og krevjande med mykje ansvar. Dei tok imot førespurnader og meldingar til lege, politi og brann, og ved brann skulle dei slå på sirena. Dei skulle telje opp rikssamtalane og føre dette på abonnentane, skrive og sende ut telegram. Telegramma kunne være private helsingar til festlege hendingar (festtelegram) som bryllaup og konfirmasjon. Meir alvorlege beskjedar om sjukdom, død eller ulukker, eller forretningskommunikasjon mellom bedrifter. Dei skulle behandle sirkulære, eit informasjonsskriv frå Telegrafverket, sendte ut til sentralane og til personar med mynde til å handsame informasjonen. Dette kunne være prisendringar, rutineskildringar, teknisk informasjon eller nyhende. Sentralen hadde to-tre telefonboksar til bruk for dei som sjølv ikkje hadde telefon, og det kunne være mange. Dørene ut kunne derfor ikkje låsast, noko som kunne skape utrygge situasjonar på helg og nattetid.
Ved rikstelefon, telefon utanfor sentralen sitt verkeområde, måtte du koplast igjennom fleire sentralar, før du fekk snakke med mottakar. Operatøren måtte vite kva sentralar som måtte involverast i samtalen og sat med skjema på dette. Dette var dyrare samtalar, og rutinane var at operatøren kom inn på linja ved jamne intervall (3min), for å sjekke om du skulle fortsette. Prosedyren for disse samtalane var at du skulle ringe av, (sveive av) når du var ferdig. Då fekk operatøren grunnlag for å berekne kostnader. Dette var ikkje alle som gjorde. Så om nokon trudde dei vart avlytta, så var nokre tilfelle velmeinande for dei som sat på sentralen, som berre hadde ynskje om at telefonrekninga skulle bli rettast mogleg for deg som ringde. I 1979 vart sentralen i sentrum automatisert og på 90-talet blei den digitalisert.
Historier:
To venninner snakka saman i telefonen og dei kjem fram til at dei skal besøke Gurine i dag, det var no lenge sidan sist besøk. Då kjem det inn ei tredje stemme. «Det hadde ikkje noko føre seg» Ho Gurine var på handletur til byen i dag. Ho skulle kjøpe kjole til dottera som skulle konfirmerast og ville ikkje være heime før langt på kveld, på siste buss, - dessutan var ho svært forkjøla.
Det skulle være heimevernøving, og ein gjeng frå Stranda hadde forskansa seg i området Hellesylt mot Hornindal. Oppgåva deira var å halde stand mot eit anna lag som kom mot. Dei visste ikkje tidspunktet for når dette skulle skje, då dette skulle være ei overrasking. Då var det ein kar som fekk ein ide. Han klatra opp i ein telefonstolpe og kopla seg på leidningane. Han kunne då høyre, «No skyt dei opp i lia» På denne måten kunne dei følgje bevegelsane og framrykkinga til «fienden». Mannen fekk reprimande frå leiinga.
Dørene inn til telefonboksane og sentralbordet stod opne, også i helgane. Når hotellet og andre utplasser stengde, kom det stadig folk innom for å bestille drosje heimatt. Uttrykket «shussh, eller shyssh heimatt» var på den tida velkjent, og sentralbordamene på vakt forstod straks at dette var ordlyden som sa at dei måtte bestille drosje til vedkomande.
Tidleg i 60-åra ringde telefon heime hos oss - men telefonen var ikkje til oss. Telefonen var frå ein mann i Sunnfjord som hadde si dotter med familie etablert og gift på Stranda. Vedkomande dotter blei bodsendt, og gjekk gråtande heimatt. Mor hennar var gått bort.
I 60-åra brann det eit hus på Stranda. Eigaren av huset ringde sentralen og meldte dette, som rutinane var. Det kom ingen brannbil, heller ingen brannmenn. Etter ei tid, ringde eigaren på nytt og lurte på kvar brannmannskapet vart av. Då kom det frå sentralbordet, «var det so gale» Huset brann ned til grunnen.
SVEIVETELEFONEN PÅ VEGGEN (1950-1960)
Den første sveivetelefonen som vi hadde, fekk ikkje så store plassen, sjølv om telefonen var stor. Den var svart og firkanta. Den stod plassert på ei lita hylle på veggen og dei to batteria stod på golvet. Telefonen var produsert av EB (Elektrisk Bureau). Vi måtte stå når vi prata, røret var tungt og eg rakk nesten ikkje opp. Det var nok heller ikkje meininga, for dette var eit reiskap og hjelpemiddel for dei vaksne. Vi delte linje med naboen og hadde nr 256 og a og b for å skilje abonnementa. Til å skilje kven telefonen var til, så var det ulike ringemønster. To lange eller ein lang og ein kort ringesekvens. Det var ikkje alltid eg fekk med meg desse ringetonane, so for sikkerheits skuld var eg litt ivrig etter å ta telefonen. Var det til naboen så fekk ein beskjed om å legge på, noko som ein sjølvsagt gjorde.
Om ein skulle ringe, så tok ein først av røret, for så å sveive nokre rundar. Så kom operatøren inn med «sentralen, vær så god» eg sa nummeret eller namnet på vedkomande. Så kopla operatøren samtalen til mottakaren.
TELEFONANE PÅ TELEFONBORDET (1970- 2010)
Seinare kom telefonbordet. Då hadde telefonen og rutinane fått meir tid til å setje seg. Ofte ser ein at teknologiske løysingar er med og forme miljøet rundt sjølve produktet, og desse miljøa kan du kjenne igjen i ulike heimar. Heime hos oss stod telefonbordet i gangen, noko som ikkje er så uvanleg plassering for ein telefon og eit telefonbord. Bordet hadde to skuffer og skinnsete. Tapetet der ein sat og snakka var slitt. Under telefonen var ein liten hekla duk. I skuffene var det notatblokker og gule lappar med tall, bokstavar, ord og skisser kopiert oppå kvarandre i ukjent mengde, så dei var vanskelege å skilje. Der var også mange pennar som ikkje fungerte, når du trengde ein. Eg hugsar også den lokale varianten av telefonkatalogen - eit tynt, kvitt hefte med stor skrift, laga av lag eller organisasjonar i nærmiljøet. Så det gjenkjennelege mekaniske telefonregisteret for ofte nytta telefonnummer -som spratt opp i tide og utide. Telefonkatalogen kom ut ein gong i året og hang på eigen plass på veggen. Den var slitt i kanten, men fekk etterkvart ein plastperm med reklame på, som vi hadde bestilt -eller nokon selt inn. Skoskeia hadde sin plass på veggen, tett inntil setet på motsett side av telefonkatalogen, klar til å lose store føter inn i små sko.
Den første telefonen på telefonbordet var den svarte sveivetelefonen -broren til han som hang på veggen. Han var ikkje så ruvande, hadde sveiva i front, og derfor fekk han plass på telefonbordet, altså den gamle versjonen i teak. Men rutinane rundt var som før. Deretter kom den første telefonen med talskive, etter automatiseringa. Den var ikkje i slekt med dei andre. Litt grå og keisam, passa på eit offentleg kontor, men med fine former. Dette var «skivetelefon» på 80-talet. No fekk vi ikkje lenger snakke med «sentralborddama», men vi kompenserte for dette med å ringe nummeropplysninga eller andre nummer. Det var sjølvsagt spanande å slå nummeret sjølv, men etterkvart vart du van med det, og då skulle vi hjelpe til med å «returnere» talskiva. Det gjekk raskare på den måten. Så kom den raudbrune, med svarte tastar - «tastafonen» (90-talet). No måtte du lære å forhalde deg til endå ei ny organisering av tal, men det gjekk likevel raskare enn sveiva og talskiva.
UTAN EIN TRÅD
Den siste telefonen som fekk plass på telefonbordet heime hos oss, var den trådlause telefonen. Han fekk plassen fordi vi ikkje forstod at han faktisk var trådlaus. Ein telefon mått ha leidningar -kvar skulle då lyden gå?. Då vi endeleg forstod at den kunne gå igjennom lufta, vart den stadig tom for batteri, og når han ringde, sprang alle rundt i huset og leita etter han. Dette var den siste telefonen som var hos oss som gjekk på kopartråd. Etter dette tok mobiltelefonen over.
Men ein kunne også nytte ISDN- telefonen etter digitaliseringa på 90-talet. Men mange valte likevel å bruke sine eksisterande analoge apparat saman med eit terminal-adapter for å få eiga linje og betre kapasitet på internett. Du kunne da få 64Kbps, eller heile 128Kbps, ved å nytte begge kanalane.
KATALOGTENESTENE
Alle som vaks opp med telefon hadde eit forhold til Telefonkatalogen, anten ein ville eller ikkje. Den var tung, stor og hadde eit uhandterleg format. Men trass storleiken, var skrifta svært lita. Nettopp på grunn av formatet og tjukkelsen har den også vore sentral i ulike konkurransar der formålet har vore å rive den i stykker.
Telefonkatalogen var alltid i nærleiken av telefonbordet, og hos oss hang den på veggen. Telefonkatalogen er blitt skildra som den største boklanseringa i Norge både i volum og over tid, og kom ut ein gong i året. Den første «Rigstelefonkatalogen» frå «Telegrafvæsenet» kom ut i 1896 og inneheldt både private telefonselskap og Telegrafvæsenet» sine eigne sentralar. Stranda kom først med i 1913 som talesentral. Namna i katalogane var sortert etter etternamn, fornamn og yrkestittel. Først i 1995 var næringsforetak oppført separat i katalogen. I 2001 selde Telenor katalogdivisjonen til Eniro og i 2009 var det slutt på papirutgåva av katalogen. Tenesta finst i dag under www.gulesider.no på nettet.
NUMMEROPPLYSNINGA
Tidleg på 1900-talet var nummeropplysninga ein del av tenestene til dei lokale sentralane. Det var få, kanskje ingen, som var så «oppdatert» som dei som hadde arbeid ved sentralane. Som eit eksempel, kan det nemnast at betjeninga i Liabygda vart omtalt som eit «orakel» i grenda. Der kunne ein etterlyse personar ein gjerne ville snakke med og sentralen var ein stad ein kunne bli opplyst. Der visste ein kvar presten var og der visste ein kvar doktoren var, nettopp på grunn av at desse hadde blitt sendt bod på via telefonsentralen. På dei større sentralane var det ikkje uvanleg at dei som ringde gjerne ville bli betjent av sine favoritt «telefonistinner». Der ein kunne ha ein liten kort prat om laust og fast før ein blei betjent.
I Rikstelefonkatalogen for 1922 står det at dei som hadde automatisert kunne slå «9» og dei som hadde analoge apparat kunne «be om opplysninga». Opplysningstenesta ble gjerne spreidd utover dei manuelle rikstelefonstasjonane ettersom automatiseringa gjekk framover. I 1924 var hovudstaden automatisert.
I 1932 innførte Oslo Telefonanlegg «frøken Ur», ei automatisert teneste der ein kunne ringe inn og få vite klokka. Denne tenesta blei svært populær, særleg ved nyttår. Tenesta blei lagt under Telegrafverket i 1946. Tidlegare hadde dette vore ei manuell teneste.
I 1958 blei telefonnummeret for nummeropplysning endra frå 08 til 018. I 1965 gjekk Oslo Opplysningssentral frå å være «lokalopplysning» til å bli «riksopplysning», og sentralen blei utvida til 16 ekspedisjonsstadar. Oslo- abonnementa blei etter politisk behandling fordelt på fleire «opplysningar», noko som blei starten på ei desentralisert opplysningsteneste. I 1973 blei det etablert tekniske utstyr for oppretting av køordning på 20 oppringingar. I 1985 blei eit nytt databasert opplysningssystem frå Danmark etablert. I 1990 blei del to av oppdateringa iverksett. Totalt skulle dette gi eit meir komplett og meir oppdatert løysing. Til no hadde det å ringe opplysninga kosta lokaltakst. Dette ga enorm trafikk og ventetider på fleire minutt. Det blei derfor satt avgrensingar på tre opplysningar per samtale, men kundane opplevde likevel at dåverande 180 og 182, hadde svært dårleg service. I 1991 bestemte ei styringsgruppe for omorganisering av Televerket, at opplysninga 180 skulle være organisert i tre opplysningsregionar. Året etter blei opplysninga eige forretningsområde og skulle drivast etter forretningsmessige prinsipp. I 1995 ble Televerket omorganisert og omgjort til det statseigde aksjeselskapet Telenor. Deretter blei nummeropplysning 180 for innland og 181 for utland.
MOT ENDEN
I 2002 vel Post og Teletilsynet å oppheve monopolet for nummeropplysninga til Telenor. Dette for å få meir konkurranse i marknaden og prisane ned. Telenor ender opp etter loddtrekning med nummer 1881 innland og 1882 utland. I 2005 lanserast nummeropplysninga på internett, og tenesta finnes i dag under www.1881.no. – eigar, eit privat selskap.
Etter at sentralane blei automatiserte var det mange kvinner som sat på sentralane rundt om i landet som mista jobben og inntekta si. Ein del av disse fekk tilbod om jobb andre stader i Televerket, til dømes nummeropplysninga. Men mange kunne ikkje flytte på seg, då dei var etablerte med bustad og familie. Dei måtte no søkje seg til andre jobbar i nærmiljøet. Etter automatiseringa i 1979 fekk nokre tilbod om å arbeide i alarmsentralen for brann og helsetenester i Stranda kommune. Dette var eit samarbeid med Televerket, som sa opp avtalen i 1989.
HJELPELAUS, RÅDVILL OG BRISEN
Når ein ikkje visste nummeret til vedkommande ein skulle ringe til, og heller ikkje hadde tilgang på telefonkatalogar, ja, då var opplysninga god å ha. Det skulle ikkje mykje informasjonen til for å spore opp eit telefonnummer, men samtidig gjekk teljarskritta i bakgrunnen, og dei skritta kunne vere kostbare. Mange huskar sikkert stemma frå sentralen« nummeropplysninga vær så god, kva kan eg hjelpe deg med ?» og dei høge telefonrekningane frå 80- og 90-talet. Ein såg fort kva pengane gjekk til. Det var nok ikkje berre lokaltakst, etter kl.17.00. Her var det nummeropplysning, rikssamtaler og andre samtaler. Eg har vel kanskje brukt min del, og vel så det, av desse tenestene. Det var ikkje måte på kva desse personane bak tenesta måtte svare på til Norges befolkning. Dei hadde/har stor tillit. Likevel var han vel håpefull mannen frå Stranda som ringde opplysninga spurte. « kar e æ og kar e skal?».
TELEFONKIOSKANE
Telefonkiosken vart kalla «Riks». Han var vinnaren av ein designkonkurranse i 1932 og vart serieprodusert i store mengder på 1970- og 1980-talet. På det meste fanst det over 6000 telefonkioskar rundt om i landet. Stranda hadde to slike kioskar: ein ved kaihuset og ein ved Esso-stasjonen. Før mobiltelefonen si tid, når du hadde vore ute på «byen», var drosje ofte løysinga for å kome seg heim. Mange kjem sikkert i hug telefonnummeret:70260267 – «Ja, drosje, ver så god.»
Ein kamerat fortalde meg ei oppleving: Dette var ein av dei gongane han ikkje vakna i si eiga seng, tidleg ein søndags morgon. Kroppen hadde så vidt byrja å vakne, og heimlengsla var sterk. Han hadde kava seg ut og oppsøkt næraste telefonkiosk for å ringe etter drosje. Men då drosjesjåføren spurde kvar han var, vart guten stille og kikka seg rundt. Etter ei lita pause svarte han: «ved Bunnpris» Då svarte drosjesjåføren «Her er to Bunnpris i byen» Det ordna seg til slutt og guten kom seg heim.
Om du var på reise, trong drosje, eller berre skulle ringe nokon, så var telefonkioskane gull verdt. Dei var også nyttige for å ringe heim frå militæret på «noteringsoverføring» (på mottakars rekning) til mor og far, eller for å ta samtalar du helst ikkje ville ta heimanfrå når foreldra var der. Var du i meir urbane strøk kunne du oppleve kø ved desse kioskane, og snakka du lenge, kunne du skape irritasjon utanfor. Men det gjekk sjeldan lengre enn at nokon banka på glaset.
Likevel, å gå inn i ein telefonkiosk kunne gi assosiasjonar til eit offentleg toalett, med ord og uttrykk på veggane som du for lenge sidan hadde lagt bak deg. Men det kunne vel hende, ved kjedelege og lange samtalar, at du tok deg tid til å lese og sjå på nokre kreative teikningar, utan at det gjorde noko meir med deg.
Kioskane var bygde for å tole ein støyt, og det var ikkje mykje som kunne saboterast. Meir som «ein bunkers» . Likevel hende det at telefonkatalogane var «stykkevis og delte». Om du var uheldig, var det nettopp dei sidene du trong som var borte. Telefonkioskane var til stor nytte – så lenge du hadde nok myntar. For dersom du ringde rikstelefon, tok ofte myntane slutt før samtalen var ferdig. Kioskane blei oppdaterte med ulike betalingsordningar. I dag finst det omtrent 100 telefonkioskar rundt omkring i Noreg, som eit monument og eit museum. Som minne om tida som var, den gongen dei var operative.
FERIEDREPAREN PÅ 60- OG 70-TALET
Når familiane reiste på bilferie på 60- og 70-talet, var dei som oftast «offline» så lenge ferien varte. Skulle ein telefonere heim, måtte ein finne ein telefonkiosk langs vegen.
Fars oppgåve på desse turane var å køyre bil, planlegge køyreruter, slå opp telt og ta bilete med sitt Instamatic-kamera. Kanskje prøve sin siste investering, eit Super 8-kamera, for dei som hadde råd til det. Mor laga middag, skreiv postkort og heldt styr på sakene. På den tida hadde reiseradioen eit program på NRK P1 der «oppgåva» var å formidle bodskap om alvorleg sjukdom og død til nære slektningar som var på bilferie i Noreg. Ei typisk melding kunne då lyde: «Dette er ei melding til eigaren av kvit Cortina med kjenneteikn T-12345 på ferie i Gudbrandsdalen (då, Oppland fylke). Ring heim, dykkar mor er alvorleg sjuk, eller verre, død.» Radioprogrammet var på den tida banebrytande med tanke på verbal brutalitet, og fleire familiar vart kanskje sjølve utsett for farlege trafikk- situasjonar når «stemma» kom på radioen.
Klarte ein å kome seg gjennom dette, var bilferiane stort sett sytelause. Det einaste ein trengde å bekymre seg over, var at opplevinga og historia frå turen måtte overgå historiene til kameratane som hadde vore med foreldra sine til «syden». Då måtte ein sjå bort frå lange transportetappar i tronge og varme baksete, samt mygg, klegg og ueinigheiter i vegval. Ja, kanskje ein til og med måtte leggje til noko.
©️ Av Kjell Arve Nygård
@GalleriKAN.no