Flaggspetten er ein drit!
Av Kjell Arve Nygård

Ein dag eg blei sitjande på verandaen og nyte finevêret, så la eg merke til at i fuglekassa ved sida av, skreik meiseungane av full hals, medan foreldra flaug fram og tilbake og mata dei. I vår gjekk det føre seg ein kamp om fuglekassa mellom meiseparet og eit par svart og kvit flugesnapparar. Det forundra meg at meiseparet vann. I slike kampar pleier dei nemleg å tape, då flugesnapparen er ein hissigpropp.
Plutseleg kjem ein hakkespett flygande og set seg ned like ved fuglekassa. Eg tenkjer: «Jøss, for ein flott fugl». Men brått klatrar han mot fuglekassa, stikk hovudet inn og hentar ut ein unge. Den skrikande ungen kjempar ein håplaus dødskamp og har ingen sjanse mot den aggressive flaggspetten, som flyg av stad med ungen skrikande i nebbet.
Han kjem tilbake fleire gonger og forsyner seg. Eg prøver saman med meiseforeldra, å hysje og skrike, men til ingen nytte.
No er det stille frå fuglekassa og meiseungane er borte.
Men meiseparet visste om utfordringane og farane som truga. Dei har tidlegare blitt forsøkt kasta ut av kassa. Eg tenkjer dei og visste at spetten som tok ungane deira, var i området.
Denne opplevinga kan vere eit bilete på livet elles. Ein harmonisk augneblink forvandlast plutseleg til ein kamp på liv og død, og tap. Dette viser at livet er eit risikoprosjekt. Men livet går sin gang uansett, enten du er med eller ikkje. Likevel undrar eg : Skal tru om dei sørgjer? Det veit eg ikkje. Men det eg veit, er at eg ikkje likar spetter lenger, og i alle fall ikkje flaggspett, ikkje denne sommaren.
©️ Av Kjell Arve Nygård
@GalleriKAN