Ein hyllast til alle som ventar
Av Kjell Arve Nygård

Til alle som ventar
Laksen i Storelva er vide kjent.
Han nappar ikkje etter mygg og larvar,
men glefser etter måsar og otrar som badar.
Han lagar ikkje ringar i vatnet,
men plogar vasskorpa som ein færing
og brukar sluken din som tannpirkar.
Skal du få denne ruggen,
kan du ikkje ha ei fiskestong
som ei slapp «vegastikke», lik nål og tråd.
Men ta med deg staur, hesjestreng og ljå,
så skal du sjå at du kan få.
Når den høgg til, tjor deg fast!
Den bykser og spreller som ein våryr kalv
og let seg ikkje temjast av kven som helst.
Men har du tolmod og tid,
så er storlaksen å få.
Men ta med deg staur, hesjestreng og ljå.
Du trudde vel kanskje at dette var fiskereiskap?
Det var ikkje slik det var meint.
Har du tolmod og tid,
for ruggane i Storelva er mette.
Så sett opp ei hæs medan du ventar.
Dette handlar ikkje om fiske.
Ikkje om ruggane i Storelva
som er vanskelege å få,
eller om staur, hesjestreng og ljå.
Nei, du. Dette er ein hyllest
til alle som ventar,
nødvendigvis ikkje berre
kvinnfolk og jenter.
©️ Av Kjell Arve Nygård
@GalleriKAN