Det kostar å drifte tog
Av Kjell Arve Nygård
Fridom er ikkje noko sjølvfølgje
det er eit privilegium
opparbeidd av generasjonar
som har gjort meir
enn å gå i tog og rope hurra
det er folk som har ofra livet
og stått på barrikadane
og gått i bresjen i trua på demokratiet
som har gjort til at du kan gå i toget
og rope hurra
eit tog som må byggjast
og haldast ved like dagleg
for at det ikkje skal slutte å gå
Taus
Er du ein av dei
som meiner i det stille
husk å gå stille i dørene
så du ikkje vekkjer nokon
som kan ta det ille opp
det kan koste deg stilla
så berre fortsett som før
for å meine i det stille
det kostar ingenting
men kanskje
kjem det ein gong
at du tenkjer
den prisen
burde eg sjølv
ha betalt
På grusveg
Eit par barnesko på veg bort
frå restar av tryggleik
lagt i grus
av krig og brutalitet
igjen ligg leivningar
av det som ein gong var
mor og familie
og på kanten
går framtida
i sko nummer tjueto
Kostbar
Takksemd
er ein undervurdert
eigenskap
som fleire
burde verdsetje
© Kjell Arve Nygård
@GalleriKAN